Sælen - Visitas i ein ung kyrkjelyd

Sælen menighet hadde visitas frå biskopen 12. - 13. november, med visitasgudsteneste 17. november. Her kan du høyra visitasføredraget og sjå video av biskopen si preike på gudstenesta.

Biskop Ragnhild Jepsen og sokneprest Gunn Kongsvik under visitasgudstenesta i Sælen. Foto: Tore Skjæveland

Dette var andre gong Sælen kyrkje hadde visitas frå ein biskop. Kyrkja ligg ved Varden i Fyllingsdalen og er blant dei nyaste i bispedømet, innvia i 2001.

Biskopen sine utfordringar til Sælen menighet:

  • Gå til gudsteneste regelmessig, både for dykkar eigen del og for å gje Gud ære. Og prøv ut nye gudstenesteformer i samarbeid i prostiet.
  • De har flotte ungdomsleiarar, sats langsiktig på ungdomsarbeidet og ungdomsleiaropplæring. Sjå om det er nyttig å knytte seg nærare ein organisasjon.
  • Lag strategi. Vel ut ein eller høgst to ting som de vil satse på, og arbeid langsiktig med det. 
  • Ver frimodige og sjå kyrkjelyden som ein viktig aktør i lokalsamfunnet i Sælen og Fyllingsdalen. Tenk samarbeid og samhandling med andre, både innanfor kultur, samfunnsliv, oppvekst, og helse.

Det ligg lenke til visitasføredraget nedst på denne sida.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"