Helga starta med «Mangfaldskonsert» i Nærbø kyrkje fredag 4. april. Prost Lars Sigurd Tjelle helsa alle varmt velkommen og fortalte at «Saman» er overskrifta for 900-årsjubileet til bispedømmet.
– Nå er me saman er i Nærbø for å feira mangfaldet, sa han.
Sterkt inntrykk
Konserten hadde fleire ulike aktørar. Det var korsong med Jæren kammerkor og Hå dur&moll. og Hilde Svela, Torstein Obrestad og Jarle Obrestad bidrog alle med song.
Bankers er eit band for vaksne med litt ekstra hjelpebehov. Gruppa har 10-12 medlemmer og to lærarar og høyrer til Bryne kulturskule. Det gjorde sterkt inntrykk då dei framførte «Deg være ære» og «Gje meg handa di».
Torleif Søyland framførte «Amacing grace» med melodica til stor begeistring frå publikum.
Biskop Anne Lise Ådnøy haldt ein appell om mangfald og sa: «Me er en bukett forskjellige blomar som alle er gode og skapt i Guds bilde».
Spanande kyrkjesafari
Laurdag blei nær 50 deltakarar med på Kyrkjesafari rundt om i prostiet. Prosjektleiar for jubileet Inger Vagle var og med, og fortel:
– Me besøkte sju kyrkjer i prostiet, der me blei møtt av ein lokal guide som ga ein kort presentasjon om si kyrkje. I tillegg guidet Lisabet Risa oss mellom dei ulike kommunane og kyrkjene. Ho fortalde med begeistring og kunne verkeleg si historie. Det var spanande og lærerikt å høyra henne fortelje. I Ålgård nye kyrkje blei det servert laurdagsgrøt, lappar og kaffi. Det var ein flott tur med fine opplevingar som me alle hadde stor glede av, seier Inger Vagle.
Grunnstein i strålande sol
Søndag 6. april la biskop Anne Lise Ådnøy ned grunnsteinen til nye Klepp kyrkje. Både store og små hadde møtte fram på byggeplassen i strålande sol, men med ein litt vinterleg vind. Det var mange som vart takka etter å ha jobba på ulike vis i mange år for å få prosjektet realisert. Ordføraren var blant dei som kom med ei helsing og han ser fram til samarbeid mellom kommunehus, kulturliv og kyrkje i Klepp sentrum.
Les meir og sjå bilete frå grunnsteinsnedlegginga her.
Ordførarar og festkake
Etter grunnsteinsnedlegginga gjekk turen vidare til Bryne kyrkje og jubileumsgudsteneste. På gudstenesta deltok biskop, prost og sokneprest, samt andre kyrkjeleg tilsette og ordførarar og representantar frå alle 4 jærkommunane.
Det var musikalske bidrag frå Bjor Bohne (gitar), Per Olav Egeland (orgel) og Jærklang (kor). Ordføraren i Time kom med ei helsing og refererte til 900-årsjubileeet si overskrift «Saman». Etterpå var det kyrkjekaffi med festkake.