"Velkommen inn! Du er verdifull og viktig her!"
Vakker sang og varme ord møtte dei som var samla til nyttårsmottaking i Norheim kyrkje onsdag kveld. Ein kvartett beståande av Arnfinn og Ingrid Tobiassen, Anne Netland og Bjarte Vikingstad, ønska velkommen til ein kveld med både påfyll, ettertanke og inspirasjon til vidare teneste i kyrkja.
Kvelden før var det halde mottaking i Stavanger for medarbeiderar i sørfylket. På Nordheim fylte ein god samling tilsette og rådsmedlemmar opp i ei vakkert pynta kyrkje.
"For Gud har i sin barmhjertighet gitt oss denne tjenesten" siterte prost på Karmøy, Helge Gaard, sist søndags tekst. - Det er ein god måte å tenke om tenesten på, sa han.
I tillegg refererte han til kva han meinte trenaren for Noregs kvinnelandslag i fotball ville sagt til medarbeiderane i salen:
- Tenk på kven du er! Du er her fordi me har tru på deg, med akkurat dine kvalitetar. Saman gjer me den beste jobben, oppmuntra han.
Koret Scala fra Torvastad med dirigent Håkon Areklett, holdt så ein minikonsert med vakre og vare sangar med tekstar av blant anna to av biskopens forgjengerar, Karl Marthin Marthinussen og Sigurd Lunde.
- Me skal møta alle med respekt
- Tekstene speiler temaet i foredraget mitt, som handlar om håpets kraft, sa biskopen. Nyttårstalen famna breitt, og tok føre seg både "Grøn jihad", "Resept mot empatitæring", "Om livets undringsposisjon", "Dei åpne armars kyrkje" og "Samliv: veien vidare."
- Eg har aldri før tala om temaet likekjønna vigselsliturgi, men no gjer eg det, sa biskopen, og ga ein bakgrunn for bispemøtet si anmoding til kyrkjemøtet om å utarbeida to likestilla vigselsliturgiar.
- Me biskopar er like ueinige som før om temaet. Men akkurat dette med å ha to liturgiar, det er me einige om. Målet mitt er at alle skal bli møtt med respekt, tross saklig ueinighet, sa biskopen, og refererte til sitt eige bispedømmeråd, der fleirtalet ikkje er positive til likekjønna vigselsliturgi.
- Me er einige om det viktigaste
Den haldninga vart gjenspeila i helsinga frå nyvalgt leiar i bispedømmerådet, Lars Tore Anda.
- Takk for di rause haldning og di vilje til å vere open og inkludere alle, sa han til biskopen.
- I Stavanger bispedømmeråd er det eit fleirtal for at Bibelen ikke åpner for likekjønna ekteskap, og fleirtalet er heller ikkje positive til liturgi for dette. Men me opplever at det er vilje til gjensidig respekt for den enkelte si overbevisning. "Ingen som sjølv er opptatt av verdier, snakkar andre ned" siterte Anda.
- Me er einige om det viktigaste, som er forkynninga av evangeliet og Jesus Kristus. Å skapa rom der Kristus er i sentrum.
Anda understreka og at det er viktig for rådet å være til stades for kyrkjelydane og lytta til dei.
- Me skal vera ein samarbeidsparter i tilsettingssaker, selv om eg veit at det ikkje alltid er opplevinga. Tilsettingssaker er ofte kompliserte saker, la han til.
- Ei betydelig rolle
Også Leif Malvin Knutsen, varaordfører på Karmøy, kom med ei helsing. Temaet hans var "Kva rolle har kyrkja, sett frå ein lokalpolitiker sitt synspunkt?"
- Kyrkja har ei viktig rolle og ei betydeleg oppgåve som tenesteyter i kommunen. Ho er i tillegg eit fellesskap av stor tyding. Men kyrkja si viktigaste rolle er å vere Gud sin reiskap for å nå fram med evangeliet til alle, sa Krf-politikaren.
- Me er bekymra
Tor Egil Eriksen, sokneprest i Rossabø og representant frå Presteforeningen, løfta i si helsing fram bekymring for dei store økonomiske utfordringane kyrkja står føre i tida framover.
- Me sett pris på at du peikar på Jesus for oss, sa han til biskopen. - Me treng deg og me treng staben vår. Men me er bekymra for økonomien. Bispedømmet vårt har måtte redusera prestestillingar. Staten ynskjer stadig å stramma inn budsjetta. Er det kortare gudstenester og færre sorgsamtaler dei vil ha? Me i Presteforeningen frykter at me må ha fleire samtaler med bispedømmet om dette framover.
- Godt å bli ivaretatt
Stiftsdirektør Jorunn Kraft Vistnes trakk og fram dei store endringane som er planlagde for kyrkja i åra som kjem.
- Rogaland har og opplevd store endringar i 2015. Dei har konsekvensar både for enkeltmennesker og for lokalsamfunn. Det veit eg at kyrkjelydane jobber godt med. Også kyrkja skal gjennom endringar. Biskop og bispedømmeråd skal samarbeide tett med kyrkjelydane om dette. På bispedømmekontoret gler me oss til 2016, og tenker at i endringar kan det og ligge mogelegheiter, sa ho.
Avtroppande kyrkjeverge på Karmøy, Martha Medhaug, avslutta arrangementet på Norheim.
- Det er godt å kjenne på å bli ivaretatt på eit arrangement som dette. Utfordringane står i kø. Men strid troens gode strid, oppfordra ho, før biskop Erling lyste velsigninga over medarbeiderane sine - og kveldens mottaking var over.