Vikarteneste
Dersom du har gjort vikarteneste som prest, skal du senda vikarrekningsskjema til prosten i det prostiet der du har gjort teneste.
Skjema for vikarrekning - nytt i august 2024
Kontaktinformasjon til prostane finn du her.
Reiserekning
Dersom du skal få dekka køyring er det fint om du samlar opp køyreturar for 1-2 månadar før du sender inn skjemaet. Men første køyretur på skjemaet må aldri vera lengre tilbake i tid enn 3 månadar. Du kan også samla køyring frå ulike prosti i eitt skjema. Skjemaet for kilometergodtgjerlse treng du ikkje senda til prosten, men du kan senda det direkte til rdnk.lonn@kirken.no.
Skjema for kilometergodtgjersle og refusjon av utlegg - nytt i mai 2024
NB: Dersom ikkje skjemaet opnar seg i eit nytt vindauge når du trykker på lenka, så kan du finna det i dine nedlasta filer. Nedlasta filer finn du enten ved å gå til "Filutforsker" og velja mappa "Nedlastinger", eller ved å trykka på eit ikon for nedlastingar som ligg oppe til høgre på denne sida.
Søknadsskjema til kurs, retreat og fagdag
Dersom du ønskjer å delta på kurs, retreat eller fagdag skal du bruka skjemaet Søknad om kurs, retreat eller fagdag. Skjemaet skal sendast tenesteveg.