- Vi kan fornye våre løfter

Biskop Jan Otto ber oss alle om å ikke glemme, men å fornye løftene fra rosetogene for ti år siden. Les hans preken fra 22. juli 2021 her.

- Vi kan fornye våre løfter

22. juli 2021 – Ti år etter
Hole kirke kl 13:00
Matt 5,1-10

 

Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.  2 Han tok til orde og lærte dem:
          
     3 «Salige er de som er fattige i ånden,
          for himmelriket er deres.
          
     4 Salige er de som sørger,
          for de skal trøstes.
          
     5 Salige er de ydmyke,
          for de skal arve jorden.
          
     6 Salige er de som hungrer og tørster etter rettferdigheten,
          for de skal mettes.
          
     7 Salige er de barmhjertige,
          for de skal få barmhjertighet.
          
     8 Salige er de rene av hjertet,
          for de skal se Gud.
          
     9 Salige er de som skaper fred,
          for de skal kalles Guds barn.
          
    10 Salige er de som blir forfulgt for rettferdighets skyld,
          for himmelriket er deres.

 

Salige er dei makteslause

Kjære alle saman. Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. 

Teksten vi nettopp høyrde er innleiinga til den aller best kjende talen i verdslitteraturen, Jesu Bergpreike. Heldt på eit høgdedrag i Galilea, for ei gruppe ganske alminnelege menneske tilhøyrande eit folk som var okkupert av keisarens tropper. 

Dei var undertrykte og engstelege for kva morgondagen ville bringe, korleis livet ville bli for dei sjølve og barna deira. Dei kjende seg små og avmektige, kua av mørkets makter – og lurte nok veldig på kva dei kunne gjere med det.  

Salige er de som er fattige i ånden. 

Slik innleier Jesus talen sin, og held fram: for himmelriket er deres.  

I ei anna omsetting av nytestamentet er den første saligprisninga gjengitt slik: Salige er dei makteslause …  

Mørket har den virkninga på oss. Aldri kjenner vi oss vel meir makteslause enn når mørket knugar. Sigvart Dagsland uttrykkjer det slik i songen August nettopp song: 

Når eg ser at tunge skyer
Trekke mørknå øve oss,
Når eg ser de slibe kniver
Og legge opp te det å sloss,
Kan eg gjørr någe med det?

Over heile landet ringte kyrkjeklokkene klokka 12 i dag, for å minnast den lange fredagen, den mørkaste dagen i vår moderne historie, da terroren, råskapen og hatet gjorde sitt grusomme inntog i Oslo sentrum og på Utøya. Talet på 69 døde her i vårt eige nærmiljø, på den hjarteforma øya, som symboliserte engasjement, ung politikk og gryande kjærleik – det var ikkje til å fatte! 

Sorga over tapte liv, både på Utøya og i regjeringskvartalet, var botnlaus og drog oss alle inn i eit fellesskap av fortviling og djupt alvor. 

Tankane våre går i dag særleg til dei som var direkte berørt av terroren og dei som mista nokon dei var glad i. Det gjer vondt å høyre – og ta inn over seg – at så mange av dei fortsatt slit tungt med ettervirkningane etter den svarte fredagen, og ikkje har fått den hjelpa dei hadde trengt så sårt. 

Vi må også ta inn over oss kor lett vi menneske har for å gløyme, kor lett vi lar oss bedra, lar oss lure til å tru at alt blir bra, til å tenkje at no er vi ferdige med mørket. 

I ei av bøkene om 22. juli og dei mange dagane som har gått sidan då, skriv ein av dei overlevande frå Utøya: «Av og til tenker jeg at vår felles hukommelse knyttet til 22. juli stoppet med rosetogene tre dager senere.»  (Tonje Brenna, i boka 22. juli – og alle dagene etterpå)

Enkeltmenneske har ikkje gløymt. Mange ber synlege og usynlege merke på kropp og sjel som minne om dei grufulle, mørke timane den dagen.  

Men vi andre har lett for å gløyme, lett for å fortrenge sanninga og akseptere mytene om kva som traff oss, slik at vi ikkje lenger er vakne nok til å sjå faren som fortsatt truar, hatet som fortsatt lever, konspirasjonsteoriane som fortsatt blindar. 

Det var ikkje utilrekneleg galskap vi såg utfalde seg, men resultatet av forkvakla tankegods som har vist seg skremmande overlevingsdyktig gjennom århundra, og som no brer seg i kommentarfelta og gjennom nettets mørke irrgangar, inn på guteromma for å erstatte utanforskapet med eit hatets fellesskap.  

Rett som det er opptrer dette spøkelset i religiøse gevantar og siterer skiftevis Bibelen og Koranen, og peikar ut den framande som fienden, fråkjenner dei andre sitt likeverd, ja, sitt menneskeverd. 

Men vi kan ikkje gløyme, må ikkje gløyme. For å gløyme er det same som å lyge. 

På gresk er ordet sanning bygd opp av eit ord som betyr gløymsel, men med ei forstaving som snur betydninga til det motsette. Frå levtheia til a-levtheia. 

Sanning er ikkje-gløymsel. 

Det er gjennom kollektiv hukommelse vi bevarer vår identitet som menneske, som folk, som kyrkje, ja, som éi menneskeslekt. 

Vi vil ikkje gløyme, ikkje la den slokne, den nyvakna bevisstheita frå dagane etter 22. juli om kva som betyr noko for oss, kva vi skal ta vare på og halde fast på – som Hans Majestet Kong Harald oppsummerte på denne måten:

  • At fridomen er sterkare enn frykta
  • Trua på eit ope norsk demokrati og samfunnsliv
  • Trua på våre mulegheiter til å leve fritt og trygt i vårt eige land

«Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss sammen i vårt flerkulturelle og mangfoldige samfunn.» (Kong Harald, 21. august 2011) 

Mørket og maktesløysa hindrar oss ikkje å «gjørr någe med det». 

  • Vi kan protestere når mange seier at no har vi snakka nok om 22. juli. 
  • Vi kan ta til motmæle når hetsen rammar dei overlevande. 
  • Vi kan seie frå når heilage bøker blir brukte til å legitimere fordommar og fiendskap, når religiøse vrangforestillingar blir brukt som ved på hatets bål.  

Og vi kan fornye våre løfter, dei vi ga mens vi heldt roser i hendene 

  • om å velje kjærleiken framfor hatet, 
  • om å bygge eit ope og inkluderande samfunn der vi kan leve side om side med våre ulikskapar i kultur, politikk og religion, og 
  • å sjå mangfaldet som ei styrke, ja, ei velsigning. 

Jesus tok parti for dei redde, for dei svake, for dei små og makteslause. 

Ved første augekast kan saligprisningane synast å teikne eit bilete av passive, undertrykte, handlingslamma menneske, men det stemmer dårleg om du les litt grundigare. 

Tvert om teiknar han opp eit bakvendtland eller ein opp-ned-versjon av røynda som snur den allment godtatte moraliteten på hovudet. Han oppfordrar til å velje den rette vegen for å nå det rette målet. 

Det er som om han seier: Kom deg på føtene, gjer noko, du som hungrar og tørstar etter rettferda, og du skal bli metta. Kom dykk opp, stå på, de som vil skape fred, for de skal kallast Guds barn. 

La oss stå saman, gå vidare på kjærleiksstien og halde fast på håpet om lyset som sigrar over mørket. Gud sjølv vaker i verdas natt, ja, han bur i mørket, og sjølv under livets tyngste slag kan vi søkje tilflukt hos han. 

Ære være Faderen og Sønnen og Den hellige ånd,
som var og er og blir én sann Gud fra evighet til evighet. Amen. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"