Diakoni i Bjørgvin

Guds hjarte bankar for verda. Gjennom sine medarbeidarar på jorda – du og eg – har han eit ønskje om å kunne vise si kjærleik, omsorg og engasjement for ein betre verd for alle. Han har og eit ønskje om dialog med deg og meg. Dette vert kalla diakoni.

Diakoni er med andre ord ei teneste for medmennesket og skaparverket og ei teneste for Gud – lokalt og globalt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

Du kan vere med å gjere ein skilnad.  Vil du?

Om diakonen

For å synleggjere og bære det diakonale oppdraget saman med den lokale og globale kyrkjelyden, er diakoner særleg vigsla til å leie omsorgsarbeidet i kyrkja. Diakonen har eit særleg fagleg ansvar og er leiar av eige arbeid. Diakonen har sin identitet i kyrkja, og arbeider for menneskers beste i lokalmiljøet, ofte i samarbeid med offentlege og frivillige instansar.

Nokre kyrkjelydar vil at diakonen skal arbeide med særskilde lokale utfordringar. Eksempel på ulike profilar kan vere: 

- Ungdomsdiakoni

- Sorg og kriser

- Sjelesorg og institusjonsarbeid:

- Barn/familie/samliv:

- Fellesskapsbyggjande arbeid og nettverksarbeid:

Om din kyrkjelyd har diakon: ta kontakt med din diakon for å høyre kva du kan bidra med. Om du treng nokon å gå saman med i ei vanskeleg tid: ta da og kontakt med diakonen. Diakonen er der for deg.   

Er du med? Vil du vite meir?

Ta kontakt med diakonirådgjevar Vetle Karlsen Eide for meir informasjon om det Gud gjer i verda i dag gjennom kyrkja – deg og meg.

Miljø og integrering

Ved Bjørgvin bispedømekontor har vi også ei stilling som dekkjer arbeidet med utviklingshemma. Denne stillinga har Roar Strømme.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30