Bjørgvin bispedøme 950 år

Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

Selja var det første bispesetet då Bjørgvin bispedøme vart oppretta for omlag 950 år sidan.

Festgudstenesta, «Seljumannamessa», tek til kl. 11.30 og blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preika. Andre medverkande er blant andre biskop i Nidaros Herborg Finnset, biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.

Frå Selja til Bjørgvin

Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune.  Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja var blitt det fyrste kraftsenteret i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Les meir om historia og om Bjørgvin bispedøme i dag ved å følgja lenkene nede på sida.

Kongeleg besøk

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet.

Kystpilegrimsleia opnar

I juni månad har opninga av Kystpilegrimsleia, mellomalderen si seglingslei langs kysten,  blitt markert ved at den gamle redningsskøyta Risør II har segla langs kysten frå Eigersund til Nidaros og besøkt nøkkelstader undervegs. Opninga blir også markert på Selja, ved H.M. Dronning Sonja, miljøvernminister Ola Elvestuen og riksantikvar Jørn Holme.

Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane. 

Sunnivaleia er ein vel innarbeida etappe i Kystpilegrimsleia. Den startar oftast i Kinn kyrkje med Kinnaspelet, og har Sunnivahelleren i klosterruinane på Selja som mål.

Konsertar i Selje kyrkje 7. og 8. juli

Laurdag 7. juli kl. 18.00
Medverkande : Bergen domkor dirigert av Kjetil Almenning, Line Dybedal og Helgenkoret, Jon Inge Sigerland og fleire lokale krefter. 

Sundag 8. juli kl. 15.30       
Konsert med gospelkvartetten Drops, Anne Liv Kvernevik Hodne, Unni Bosnes Eltvik, Jon Inge Sigerland og lokale krefter.

Billettar kr 200 kan kjøpast ved inngangen - førehandssal i alle butikkar i kommunen og ved e-post til roald.halsoer@coop.no. Born har fri adgang.

Praktisk informasjon og billettar til Selja

Billettar, som inkluderer båttransport til og frå Selja, kan du kjøpe frå 5. juni på ticketmaster.no

Fyrste båt frå Selje til øya Selja startar kl. 09.30.Siste båt går kl. 10.30 frå Selje sentrum. Ver tidleg ute.  

Overfarten tar ca 10 min.

Arrangementet er ferdig ca kl. 14:30 

Klostervågen vil bli stengt for private fartøy mellom 09:00  - 16:00

Første båt frå Bø har avgang 14:30 (prioritert reisande med Nordfjordekspressen sørover)

Siste båt frå Bø har avgang 15:30

Fottøy:

Det er ca 20 min lett gange frå Bø til Klosteranlegget. Hugs godt fottøy, då det kan være glatt og fuktig på stien.

Dersom du ikkje kan koma deg fram til fots og difor treng transport rett til Klostervågen, meld det direkte til Selje kommune v/ post@selje.kommune.no           telefon: 57 85 85 00

Informasjon om overnatting :

https://selje.kommune.no/portal-opplev-selje/overnatting/ 

Reise til Selje:

Dersom du kjem sørfrå, kan du ta snøggbåten som går frå Bergen laurdag kl. 14:15, framme i Selje kl. 19:15.

Retur frå Selje sundag kl. 15:10, i Bergen kl. 20:15

Har du spørsmål, kontakt:

Selje kommune – Servicekontoret – telefon 57 85 85 00

Bjørgvin bispedøme: Ragna Sofie Grung Moe 952 77 371

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"