Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane. Alle interesserte, kystfolk, kyrkjefolk og alt godtfolk har vore inviterte til å delta på den store festen langs den vakre Vestlandskysten.
Det har vore eigne markeringar her:
Moster – tirsdag 5. juni
10:00 Anløp Mosterhamn
- Velkommen til Moster v/lurblåsarar og personalet i Moster Amfi
- Omvising i Moster gamle kyrkje
- Omvising i Moster Amfi
- Vandring - gjennom bergverksutstillinga «Steinriket Bømlo» og vidare gjennom tunnelane til Olavskjelda. Vandring tilbake til Moster Amfi
- Uteamfiet - Historia om Moster Amfi
Halsnøy Kloster – onsdag 6. juni
«Halsnøy kloster – kulturelt, økonomisk, religiøst og kunnskapssenter i Sunnhordland og på Vestlandet». Føredrag ved professor Jørn Øyrehagen Sunde
Deretter blir det servering av betasuppe, kake og kaffi. Det vert også kulturinnslag med songarar som framfører katolske hymner.
Bergen - laurdag 9. juni
09:15 Avgang frå Strusshamn – samsegling med båtar frå Askøy Kystlag
10:00 «Enigheden» går frå Sukkerhusbryggen til Vågen med politisk representant frå Hordaland fylkeskommune og biskop frå Bjørgvin om bord
10:15 Tilslutning mellom «Enigheden», «Risør» og kortesje for innkomst til Vågen
11.05 Høgtidelig opning av Torgdagen i Bergen v/Harald Stanghelle
- Pilegrimsleia vert markert med talar frå Hordaland fylkeskommune, biskop Halvor Nordhaug og Bergen kommune. Kulturelt innslag.
14:00 Omvising Bryggen
15:15: Mariakirken Orientering om restaureringsprosess + pilegrimsliturgi
Litlebergen
Møte utanfor Litlebergen, rett ved Håøyna (Flatøy i Meland) med skøyta ”Sunniva”, som er bygd etter same teikning som Risør ll. Om bord speler korpset Skala.
Kinn/Kinnaspelet - laurdag 16. juni kl. 16:30
14.30 Avgang med rutebåt for Kinn frå Florø
16.15 Opning av Kystpilegrimsleia ved fylkesordførar Jenny Følling
16.30 Kinnaspelet
Tale ved prost, og kystpilegrims-tidebønn i kirken
19.30 Retur med rutebåt til Florø
Selja kloster – sundag 8. juli kl. 11:30
Bøner
Det er skrive eigne bøner til kvart stopp i Bjørgvin, Halsnøy, Moster, Bergen, Kinn og Selja. Dei skal ligge i skipskista som følgjer båten til Nidaros. Sjå bønene via lenke nedst på sida.
KVA ER KYSTPILEGRIMSLEIA?
- Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme,
frå Rogaland i sør, til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord og Riksantikvaren. - Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke mellomalderen si seglingslei frå Stavanger til Trondheim som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.
- Det er dette som no er samla til eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining. Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein siglas frå Stavanger til Trondheim.