Inspirasjonssamling for inkluderingsarbeidet

Praktisk informasjon

Frå:14.1.2019 - kl.18.00

Til:14.1.2019 - kl.21.00

Stad:Tunet – kyrkje og kultursenter i Os

Arrangør:Inkluderingsutvalet i Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Os kyrkjelyd.

Tema: «Forkynning for og med menneske med utviklingshemming»

Samlinga er open for alle. Medarbeidarar i klubbane og anna kyrkjeleg inkluderingsarbeid for menneske med utviklingshemming er spesielt inviterte. Os kyrkjelyd v. Søndagssamlinga er lokalt vertskap. Tunet ligg like ved Os kyrkje på Osøyro.

  • Mat (gryterett) og prat frå kl 18.
  • Innleiing ved spesialprest Tor Ivar Torgauten, som m.a. har skrive bøker om temaet.
  • Musikk-innslag
  • Samtale om temaet og inkluderingsarbeidet i det heile.

Deltakaravgift (som inkluderer mat) kr150.

Søk gjerne fellesrådet/kyrkjelyden/arbeidsgreina di om dekking av avgifta.

Eventuell meir informasjon hos underteikna.

Påmelding (sjå lenke nedst på sida) innan 7. januar 2019 (men gjerne før jul).

Velkomen til ei matnyttig og triveleg samling, - til kvile og kveik!

Foto: Marit Hommedal