Ny prost i nytt prosti

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 15. juni tilsett Anne Mathilde Garmann Klare som prost i det nye Bergensdalen prosti. I same møte vart Sædalen vedteken lagt til Birkeland sokn og bispedømerådet gav høyringssvar om reglar for kyrkjeval.

Den nye prosten skal ha ansvar for Bergensdalen prosti som omfattar sokna Landås, Slettebakken, Storetveit, Bønes, Årstad, Fridalen, Løvstakksiden, Fyllingsdalen og Sælen. Anne Mathilde Garmann Klare er 56 år, kjem frå Bergen og er for tida sokneprest i Drøbak.

Sædalen til Birkeland

Sædalen i Bergen er eit område med mange nye bustadar. Her har ein bygd opp ein aktiv kyrkjelyd som held til i skulehuset. Det er planar om å byggja ei kyrkje, men inntil den er ferdig blir området ikkje skilt ut som eige sokn. Delar av Sædalen ligg i Birkeland og andre delar i Slettebakken sokn. No har bispedømerådet bestemt at størstedelen av området skal høyre til Birkeland sokn.

Fusa til Fana prosti

Bjørgvin bispedømeråd vedtek å overføra Fusa sokn til Fana prosti frå 1.oktober 2017. Dette blir gjort fordi Fusa og Os kommunar blir slått saman til Bjørnefjorden kommune i 2020. Fusa sokn ønskjer alt no å bli overført frå Hardanger og Voss prosti til Fana prosti for å høyra til same prosti som Os.

Det blir overgang på nokre område ut året 2017. Statistikkar og rapportering skjer samla for heile 2017 til Hardanger og Voss prosti.

Høyring om reglar til val av sokneråd, bispedømeråd og kyrkjemøte

Bjørgvin bispedømeråd gjorde vedtak om høyringssvar til kyrkjerådet om nye reglar for kyrkjevalet. Rådet var delt i fleire av punkta og det var bl.a. fleirtal for direkte val av alle leke medlemer til bispedømerådet og ei ordning med at det skal vere ei liste frå nominasjonskomiteen og høve til andre lister – men med høve til supplerande nominasjon etter at listene er offentlege. Vidare tilrår bispedømerådet at ein vidarefører ordninga med å gje inntil tre tilleggsrøyster. Det bør opnast opp for å stryke kandidatnamn ved bispedømerådsvalet. Ordninga med sperregrense må utgreiast nærare blant anna må ein sjå på konsekvensane for supplerte kandidatar, meiner rådet.
Bjørgvin bispedømeråd ønskjer vidare blant anna at ein skal utgreia nærare korleis det på ein enkel måte kan bli mogeleg å røysta i heile kommunen på valdagen. Bispedømerådet 
ønskjer også at det skal brukast preferanseval ved val av geistleg kandidat og lek kyrkjeleg tilsett kandidat.

Nedanfor følgjer heile vedtaket om høyringsfråsegn:

Innleiing

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer ei kyrkje som er styrt gjennom bibelske prinsipp som fellesskap og teneste. Kjerneoppdraget er at kyrkja som fellesskap skal æra Gud ved å forkynna Guds ord, gje opplæring til alle døypte, samla born og unge til gode formål og tena kvarandre (diakoni), jf. kyrkjelova § 9.  Reglar for kyrkjelege val skal støtta opp under dette, slik at den lokale kyrkjelyden får valt sine tenarar (soknerådet m/ andre uløna medarbeidarar og tilsette som har råda som arbeidsgjevar) og sine representantar regionalt og nasjonalt.  Valreglane må også leggja til rette for eit overkommeleg val som ikkje tek dyrebare ressursar frå anna byggjande arbeid i kyrkjelydane.

Ein kan ta ulike perspektiv i vurderinga av vallova. Blant desse er veljaren, soknet som fellesskap, administrasjonane som skal gjennomføra valet og kyrkja sitt omdøme i samfunnet. Dette medfører blant anna:

  • Veljaren ønskjer at det er lett å røysta og at det er klart kva den ein røystar på, står for, kva erfaring vedkomande har og at vedkomande har tillit.
  • Administrasjonen har kyrkjevalet som ei av mange oppgåver, og det er viktig å ha ei valordning som er effektiv og forståeleg.
  • Samfunnet vil forventa at kyrkja har ei valordning som gjev tillit til at dei som blir valde er valde gjennom opne og demokratiske prosessar. 
  • Soknerådet er dei demokratisk valde representantane for den lokale kyrkjelyden, og eit mindretal vil leggja vekt på at det må vera ei linje frå soknet til Kyrkjemøtet. Dei argumenterer med at dersom det skal vera interessant å sitja i soknerådet, må rådet ha ei røyst i styringa av kyrkja, også over sitt eige nivå og eit eigedomstilhøve til dette.

Del 1. Bakgrunn

Bispedømerådet stør intensjonen om å forenkla reglane i høve til tidlegare regelverk. Det kan vera eit godt grep å slå saman reglane for val av sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet til eitt regelverk. 

Vi meiner at ønsket om å ligga nærast mogeleg opp til vallova sine reglar om val til kommunestyre, fylkesting og Stortinget ikkje må vera meir styrande enn nødvendig,  sjølv om vi kan sjå at ein som forvaltar av regelverket har nytte av å jamføra med vallova. Vi trur ikkje veljarar flest har særleg innsikt i vallova, då er det viktigare at kyrkja sine valreglar er gode og logiske i seg sjølv.  Eit utanforståande regelverk må ikkje vera premissgjevar for kyrkja sine valreglar.

Høyringsnotatet føreset at kyrkjelova legg føringar for valreglane, noko som blant anna betyr at valet skal skje samstundes med, og i umiddelbar nærleik til kommunevalet og at det skal vera fleirtals- eller høvetalsval med minst fire direktevalde medlemer til bispedømerådet.

I mange samanhengar i kyrkja har ulike grupper argumentert med at ein vil styrka soknet. Det kan gjerast konkret gjennom valordninga ved å laga ei valordning som gjev sokneråda større innverknad på det kyrkjelege demokrati.

Del 2. Overordna problemstilling

2.1. Direkte val eller kombinasjonsval (direkte + indirekte)

Kyrkjelova krev at minst fire av sju leke medlemer skal veljast direkte. Det inneber at sokneråda kan stå for valet av dei tre siste medlemene (indirekte val). Høyringsnotatet legg opp til tre alternativ:

  1. Vidareføring av dagens ordning der bispedømerådet avgjer ordning i sitt bispedøme.
  2. Direkte val på alle leke medlemer i alle bispedøme
  3. Kombinasjonsval i alle bispedøme.

Høyringsnotatet listar opp argument for både direkte og indirekte val.  I tillegg til desse argumenta, vil Bjørgvin bispedømeråd minna om at indirekte val er den vanlege valforma i eit folkerørsledemokrati og i dei aller fleste kyrkjene i verda.  Både direkte og indirekte val må kunna reknast som demokratiske. 

Det er eit argument for direkte val at det gjev alle medlemene lik påverknad uavhengig av om dei er aktive i kyrkja eller med i gudstenestefelleskapen.

Det er eit argument for indirekte val at kyrkja alltid har hatt vekt på fellesskapen, den er ikkje berre ei samling enkeltpersonar. Indirekte val vil gje soknerådet større påverknad på samansetjinga av bispedømerådet og kyrkjemøtet. Det vil bidra til ein betre samanheng mellom lokalt og nasjonalt rettssubjekt. Dette vil også kunna bidra til å gjera det meir interessant å sitja i sokneråd.

Valteknisk vil indirekte val favorisera regionar med mange sokn, medan direkte val favoriserer folketette område. Vi vil hevde at indirekte valomgang er viktig for å få representasjon frå Sogn og Fjordane. Dette kan kanskje bøtast på ved ei høg sperregrense (pkt. 2.4.2) som til ein viss grad gjev vekt til rekkefølgja på listene framfor til veljarane sine personpreferansar.  Det føreset at kandidatar frå t.d. Sogn og Fjordane blir plasserte høgt på lista, ei forventning som ein kan ha til nominasjonskomiteen si liste, men som andre lister ikkje vil ha krav til å ta omsyn til.

Høyringsnotatet nemner at nokon finn det utfordrande at soknerådsmedlemene får røysta to gonger der det er indirekte val. På den andre sida kan ein hevda at dei i direkte val røystar som enkeltmedlem, men i det indirekte valet røystar i eigenskap av tillitsperson som har fått den ekstra røysta av veljarane. Dette er difor ikkje utan vidare udemokratisk.

Ein kan hevda at det er utfordrande at veljarane ikkje veit kva soknerådsmedlemene står for i alle saker. Her kan informasjonen til veljarane bli betre, men eit sterkt krav om at alle soknerådsmedlemer skal stå fram med svar på ei rekkje kyrkjepolitiske spørsmål, vil ikkje vera realistisk, og det kan hindra rekruttering til sokneråda. På den andre sida, må ein ved eit indirekte val forventa at sokneråda har ein opplyst samtale om kandidatane før dei gjer sitt val. Erfaring viser at dette må leggast tungt inn over sokneråda,  det bør stå i regelverket at soknerådet skal drøfta valet før dei gjev si røyst.

Alternativet med å berre ha direkte val, løyser ikkje problemet med at veljarane ikkje kjenner kandidatane og sakene godt nok. Vi kan ikkje rekna med at veljarane i det direkte valet er i betre stand til å setja seg inn i kandidatane enn det sokneråda er. 

Vedtak:

På bakgrunn av dette går Bjørgvin bispedøme inn for (i prioritert rekkefølgje):

1) Direkte val av alle leke medlemer (5 røyster)

2) Kombinasjonsval i alle bispedøme (4 røyster)

3) Vidareføring av dagens ordning (1 røyst)

 

2.2.      Fleirtals- og høvetalsval ved val av leke medlemer til bispedømeråd og kyrkjemøtet.

Bjørgvin bispedøme hadde berre ei liste ved førre val, og valet vart difor gjennomført som eit fleirtalsval.  Dette var ei enkel, demokratisk og god løysing, men med høve til å fremja lister, er det store sjansar for at det ved neste val blir meir enn ei liste i Bjørgvin. Det er ikkje ønskjeleg med berre ei liste som er «politisk». For å unngå det, ønskjer bispedømerådet at det blir sett saman ein nominasjonskomite som skal fremja ei breitt samansett liste.

Av dei fire alternativa, er det berre alternativ 1 og 2 som sikrar at det blir ein nominasjonskomité og ei fellesliste. Ved alternativ 3 og 4 kan ein risikera at det ikkje blir fellesliste og dermed misser sokneråda det høvet dei til no har hatt til å foreslå kandidatar til valet. Det vil vera ei dramatisk endring frå all tidlegare sedvane dersom sokneråda misser høvet til å foreslå kandidatar. Dersom det ikkje er indirekte val, misser dei i tillegg høvet til å røysta i kraft av å vera sokneråd.

Alternativ 1 – dagens ordning: Ei ulempe med denne ordninga er at det vart ein del «dersom – så». Dersom det ikkje vart meir enn ei liste, så vart det supplerande nominasjon.  Alle slike dersom-så, gjer kommunikasjonen rundt valreglane unødvendig komplisert. 

Alternativ 2 – same frist for nominasjonskomiteens liste og andre lister. Denne ordninga er tidseffektiv, noko som er bra for heile organisasjonen, då dreg ikkje valet ut i tid og alle kan mobilisera med ein gong. Ein blir kvitt ein del dersom-så. Det er ein fordel er at det ikkje blir slik at kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste melder overgang til andre lister. Det vart opplevd som noko uryddig ved det førre valet.

Forslaget om å opna for supplerande nominasjon samtidig med listenominasjonen ser ved første augekast ut som noko positivt for veljarane, men det medfører at nominasjonskomiteen og dei som stiller lister får mykje makt i forhold til veljarane. Eit tenkt scenario er at nominasjonskomite og lister ikkje set opp sitjande medlemer av bispedømerådet som skulle ønskja å stilla til val att. Dei kan vera spurt om å vera kandidatar, men likevel ikkje koma på lista. Med same frist kan dette ikkje gjerast noko med. Dersom supplerande nominasjon kjem i etterkant, kan veljarar som ønskjer å kunna velja desse kandidatane på nytt, få dei inn på lista gjennom supplerande nominasjon.

Ulempa med å ha både fellesliste frå nominasjonskomité og andre lister er som høyringsnotatet nemner at det blir asymmetrisk forhold mellom listene. Vi meiner den ulempa er til å leva med, vegd opp mot fordelane.

Alternativ 3: Intensjonsfrist med ulike alternativ avhengig av kor mange som melder intensjon om å stilla liste.

Vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd anbefaler alternativ 2) ordning med nominasjonskomiteens liste og andre lister – men med høve til supplerande nominasjon etter at listene er offentlege. (5 røyster, men avgjort med røysta til leiar for bispedømerådet)

Mindretalet ønskte følgjande vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd anbefalar ein variant basert på alternativ 3: Dersom det ikkje kjem minst to lister, skal det oppnemnast ein nominasjonskomité. (5 røyster)

2.3       Tilskot for finansiering av nomineringsgrupper.

Arbeidet med nominasjonskomite er noko ressurskrevjande. Andre lister vil ikkje ha same krav til representasjon frå alle prosti og arbeidet kan foregå pr. mail, telefon etc.  Dei vil likevel ha bruk for ein del ressursar til både nominasjon og informasjon. Valrådet i bispedømet bør som no ha ansvar for å tilby ein felles plattform for presentasjon av kandidatane, men det kan likevel vera nødvendig med midlar til andre informasjonstiltak. Slike midlar bør då også tilfalla kandidatane som står på nominasjonskomiteen si liste.

Vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at det blir innført ei ordning med tilskot til nominasjonsgruppene (og kandidatane på nominasjonskomiteen si liste).

(7 røyster for, 3 røyster mot.)


2.4 Personvalreglar

Notatet drøftar høvet til å gje tilleggsrøyster, eventuell opning for veljaren til å stryke namn på lista og mogeleg sperregrense på personleg røystetal og nominasjonsgruppene sitt høve til å gje røystetillegg.

Bjørgvin bispedømeråd støttar ordninga der veljarane kan gje ei ekstra røyst til inntil tre kandidatar. Det balanserer veljarane si makt mot høvet til at små grupper kan kuppa heile valet ved samordna røysting, noko som lett kunne vore konsekvensen om veljarane kunne setja kryss framfor fleire kandidatar.

Stemmetillegg (førehandskumulering) vil gje for mykje makt til dei som set opp lista.

Bjørgvin bispedømeråd inn for at ein kan stryka kandidatar ved bispedømerådsval, men ikkje ved sokerådsval. Dette er særleg sårbart i soknerådsvalet der det ikkje er ønskjeleg å «kåra den minst populære kandidaten».

Høyringsnotatet drøftar innføringa av ei sperregrense på 8 eller 5 prosent røyster på personleg røystetal for å balansere veljarane si makt der ganske små kumuleringsaksjonar kan få ein kandidat inn, mot nominasjonskomiteane si makt. Dette er eit framlegg som bør drøftast meir inngåande med konkrete døme på kor mange røyster som skal til for å påverka valet frå veljarane si side. Det er elles vanskeleg å vita kor stor konsekvensen er av å setja ei sperregrense på 5, høvesvis 8 prosent. Problemstillinga er også relevant for å styrka sjansen for at nominasjonskomiteen si fordeling av ulike typar kandidatar får gjennomslag dersom det berre blir direkte val. Med indirekte val vil det for Bjørgvin sin del vera slik at dei mange sokneråda i grisgrendte strøk gjev meir makt til desse områda. Dersom det ikkje vert opning for indirekte val lenger, kan ei slik sperregrense gje større sjanse for at ein kandidat frå Sogn og Fjordane som står høgt oppe på lista, blir vald inn, men det føreset at nominasjonskomiteen set slike kandidatar på plass 1 eller 2. Det vil likevel aldri vera sikkert at geografien blir det viktigaste kriteriet for plasseringa på lista. Erfaringa viser at geografi/nærleik er særs viktig for alle partar i eit slikt val. Det handlar nok om mykje om kva kandidatar ein kjenner og kva som skal til for at ein kandidat har tillit.

Dersom det er supplerte kandidatar på lista, vil sperregrense medføra at dei ikkje har særleg sjans til å komma inn i bispedømerådet, for dei supplerte kandidatane vil stå nedst på listene. Dette er eit argument mot sperregrense som ein må ta med i nærare utgreiing av reglane.

Vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd tilrår at ein vidarefører ordninga med å gje inntil tre tilleggsrøyster. Det bør opnast opp for å stryke kandidatnamn ved bispedømerådsvalet. Ordninga med sperregrense må utgreiast nærare blant anna må ein sjå på konsekvensane for supplerte kandidatar. (6 røyster)

Mindretalet ønskte følgjande vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd tilrår at ein vidarefører ordninga med å gje inntil tre tilleggsrøyster. Det bør ikkje opnast opp for å stryke kandidatnamn. Ordninga med sperregrense må utgreiast nærare, blant anna må ein sjå på konsekvensane for supplerte kandidatar. (4 røyster)


2.5 Valkrinsar og røystekrinsar.

Det var mange veljarar, særleg i Bergen, som ønskte å røysta ved kyrkjevalet, men som vart skuffa då dei oppdaga at dei ikkje kunne røysta kor som helst i kommunen. Det skulle vera nokså enkelt å ta imot røyster for alle sokn i alle vallokala og så formidla desse framandrøystene til ein sentral i løpet av kvelden valdagen der dei igjen vert sendt ut til dei respektive sokna for oppteljing. ulempa vil vera at ein ikkje kan forventa at oppteljinga er ferdig før tidlegast om kvelden dagen etter valet. I dette tilfellet vil veljarane sine behov få tydeleg prioritet over valadministrasjonen.

I geografisk store kommunar (som det blir fleire av når kommunar no blir slått saman), kan dette bli ei upraktisk ordning, så dette er noko ein med fordel kan greia ut litt nærare.

Elektroniske val ville gjera dette enklare.

Vedtak

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at ein skal utgreia nærare korleis det på ein enkel måte kan bli mogeleg å røysta i heile kommunen på valdagen. (5 røyster, men avgjort med røysta til leiar for bispedømerådet)

Mindretalet ønskte følgjande vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at det skal bli mogeleg å røysta i heile kommunen på valdagen. (5 røyster)

Del 3: Innleiing til reglane, røysterett, valførleik, valorgan m.m.

Ingen framlegg til endringar, Dagens ordning vert vidareført.

Del 4. Val av medlemer til sokneråd og val av leke medlemer til bispedømeråd og kyrkjemøtet

4.2.1. Registrering av nomineringsgrupper

Det var ved førre val ein del uro rundt namn på listene ved bispedømerådsvalet i eit bispedøme. Det kan difor vera nyttig å registrera namn på nomineringsgrupper som får einerett til å bruka namnet.

Oslo bispedømeråd gjer i utkast til si høyringsfråsegn merksam på at ein i valreglane §6-4 d: Antall underskrifter på listeforslaget, introduserer omgrepa «partiet», og også «partiets lokalavdeling». Det bør vurderast om det her skal stå nomineringsgruppe.

Vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at dersom nemninga «Felleslisten» blir vedteken som namn på nominasjonskomiteen si liste, må det regelfestast at den kan heite «Felleslista» på nynorsk. I tillegg bør det stå tilsvarande samiske namn.

Ein bør arbeida vidare med eit betre og meir dekkande namn på lista.

(Samrøystes vedtak)

4.4 Førehandsrøysting

Førehandsrøystinga tek mykje tid og ressursar på kyrkjekontora. I store kommunar bør det vera rom for at den i hovudsak kan skje på ein eller fleire sentrale stader. Det bør leggjast til rette for at valfunksjonærane på ein enkel måte kan registrera opplysing om veljarane ved å scanna valkortet med ein mobil-app, slik at dei kan bruka tida på veljarkontakt framfor papirarbeid.

Del 5: Val av andre representantar til bispedømerådet og Kyrkjemøtet

Kyrkjerådet legg opp til at det skal vera vanleg fleirtalsval der den kandidaten som får flest røyster, blir vald. Det kan berre røystast på ein kandidat. Ved slike personval er preferanseval den beste metoden for å velja den kandidaten som har størst votum. Veljarane kan då setja eit tal framfor ein eller fleire kandidatar for å visa sine preferansar.

Vedtak:

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer at det skal brukast preferanseval ved val av geistleg kandidat, og lek kyrkjeleg tilsett kandidat.

(Samrøystes vedtak)

Retting i regelverket.

Retting til § 3.3. Det vert vist til § 2-2, skal vera § 2.3.

Retting til § 3-4. Det vert vist til § 2-3, skal vera § 2-4.

Retting til § 11-1. Det står at «Det bør tilstrebes representasjon av yngre prester samt at begge kjønn er representert». Her skal det stå «lek kirkelig tilsatte» i staden for «prester».

Tilleggsmerknad om tid og stad

Vedtak:

Tilleggsmerknaden om tid og stad skal ikkje vera med i høyringssvaret frå Bjørgvin bispedømeråd. (6 røyster)

Mindretalet ønskte følgjande merknad og vedtak (4 røyster):

Kyrkjelova slår fast at valet skal finna stad samstundes med, og i umiddelbar nærleik til kommune- og fylkestingsvalet. Dette er eit prinsipp som mange veljarar vil setja pris på, fordi det er effektivt. Av prinsipielle omsyn, kan ein også meina at kyrkjevalet i eit livssynsope (mangfaldig) samfunn ikkje bør blandast saman med offentlege val, eller, på den andre sida, at Den norske kyrkja som ei grunnlovsfesta folkekyrkje bør ha val nær dei offentlege vala som no.

Bjørgvin bispedømeråd meiner at kyrkjevalet av omsyn til at Den norske kyrkja ikkje lenger er ei statskyrkje, ikkje bør leggjast til same dag som offentlege val.

 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30