Ei styrking av Røldal som pilegrimsmål

5.-7. juli var det igjen duka for Pilegrimsstemne i Røldal – det mest etterspurde pilegrimsmålet etter Nidaros

Samtale om framtida for pilegrimsmålet Røldal: f.v. bispedømerådsleiar Inger Helene Nordeide, pilegrimskoordinator Margit Gjørv, soknerådsleiar Geir Kåre Nybø, ordførar i Odda Roald Aga Haug og Eirik Moe, rådgjevar/medlem av Stavanger bispedøme sitt pilegrimsutval   Fotograf: Ragna Sofie Grung Moe

Røldal sokneråd samarbeida med Areopagos og Utstein Pilegrimsgard om eit innhaldsrikt program: konsert, seminar, vandringar, bønesamlingar og midnattsmesse.  

Tema for dagane var Helse, helhet og hellighet, og dette blei utdjupa av Areopagosprest Liv Hegle under seminaret laurdag. Pilegrimskoordinator Margit Gjørv ga ei fin innføring i dei lange tradisjonane til pilegrimsmålet, og rådsleiar i Bjørgvin bispedøme, Inger Helene Nordeide, fortalte om kyrkja sitt engasjement på pilegrimsfeltet i dag: «Vi prioriterer lokalt eigarskap og medverknad, og kvalitet på det kyrkjelege innhaldet».

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"