Justeringar i prosti- og soknegrenser

Den 1. oktober vart det gjennomført nokre grensejusteringar i Bjørgvin. Fusa vart flytta til Fana prosti, Bergensdalen prosti vart oppretta og heile Sædalen vart del av Birkeland sokn.

Fusa til Fana prosti

Bjørgvin bispedømeråd har overført Fusa sokn til Fana prosti. Dette blir gjort fordi Fusa og Os kommunar blir slått saman til Bjørnafjorden kommune i 2020. Fusa sokn ønskjer alt no å bli overført frå Hardanger og Voss prosti til Fana prosti for å høyra til same prosti som Os.

Det blir overgang på nokre område ut året 2017. Statistikkar og rapportering skjer samla for heile 2017 til Hardanger og Voss prosti.

Bergensdalen prosti

Bjørgvin bispedømeråd vedtok i møte 13. juni 2016 å opprette eit nytt prosti i Bergen. Prostiet skal liggja i «Bergensdalen» og vil dekka nokre av sokna som i dag tilhøyrer domprostiet og Fana prosti.

Følgjande sokn er del av nye Bergensdalen prosti: Landås, Slettebakken, Storetveit, Bønes, Årstad, Fridalen, Løvstakksiden, Fyllingsdalen og Sælen.

Prosten, Anne Mathilde Garmann Klare, kjem frå stillinga som sokneprest i Drøbak. Det blir innsetjingsgudsteneste for henne sundag 29. oktober kl. 19 i Storetveit kyrkje. Storetveit sokn vert òg prostesete for Bergensdalen prosti.

Sædalen til Birkeland

Sædalen i Bergen er eit område med mange nye bustadar. Her har ein bygd opp ein aktiv kyrkjelyd som held til i skulehuset. Det er planar om å byggja ei kyrkje, men inntil den er ferdig blir området ikkje skilt ut som eige sokn. Delar av Sædalen ligg i Birkeland og andre delar i Slettebakken sokn. Frå 1. oktober høyrer størstedelen av området til Birkeland sokn.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30