Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkjebyggkonferanse i Etne

Kva for verdiar representerer dei ulike kyrkjebygga? Korleis forvalte kyrkjebygga? Dette er aktuelle problemstillingar på denne fagkonferansen som er ein del av bispevisitasen i Etne. Konferansen finn stad i Etne kyrkje 8. november kl.11.00 - 16.00.

Etne har mange kyrkjer, ei ny og fleire gamle. Den konkrete situasjonen kan vere ulik i andre kommunar, men mange stader er det utfordringar knytt til historiske kyrkjebygg når det gjeld vedlikehald, økonomi, differensiert bruk etc.

Konferansen er open og høver for kyrkjeverjer,  medlemer i kyrkjeleg fellesråd, kommunal representant i kyrkjeleg fellesråd, prestar, ordførarar, rådmenn og andre med ansvar for å forvalta kyrkjebygg.

Hovudføredrag om "Kyrkjebygget sine verdiar" ved fagdirektør Oddbjørn Sørmoen i KA.  Andre bidragsytarar er biskop Halvor Nordhaug, ordførar Siri Klokkerstuen, Etne, rådmann Odd Ivar Øvregård, Kvinnherad, sokneprest Per Hjemdal, Etne, kyrkjeverje Eva Birkeland, Tysvær, fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd, Hordaland fylkeskommune, prost Svein Arne Theodorsen, Sunnhordland, seniorrådgjevar Jens Z. Meyer, Bjørgvin bispedøme m.fl.

For meir informasjon og påmelding, sjå lenke nede på sida. Pris kr 200,- inkl lunsj. Påmelding innan 1. november.