Nye fjes på bispedømekontoret

I løpet av våren og sommaren har det vore ein del endringar i staben på bispedømerkontoret. Blant anna blir økonomi og løn no handtert gjennom nasjonale team.

Kontorleiar Ewelyn Hysing-Olsen er blant dei nytilsette på bispedømekontoret.

Etter ein gjennomgang av tenestene arkiv, løn og økonomi, har Den norske kyrkja frå 1. juni felles einingar som tek seg av desse fagområda. Bispedømet sin økonomisjef Solfrid Rong og rådgjevar for løn og økonomi Britt Ingvild Urdal sit framleis på bispedømekontoret, men er knytta til einingar som arbeider nasjonalt for alle bispedøma og Kyrkjerådet.  Kontaktinformasjon til desse finn du her

To gode medarbeidarar har slutta og fått seg arbeid andre stader. Det gjeld arkivleiar Solveig Eline Jansen og rådgjevar for kyrkjekunst/rekneskap, Ragnhild Tveit.

I ei ny stilling som kontorleiar, med ansvar for bispedømerådssaker, arkiv, sentralbord og mykje meir, er Ewelyn Hysing-Olsen tilsett.

Kyrkjevalet medfører ein del ekstraarbeid, og der bidrar Maren Lilja D. Gudmundsdottir, i tillegg til at ho tek seg av saker knytt til kyrkjekunst og -interiør.

Personalavdelinga har travle dagar, bl.a. med mange tilsettingssaker. I engasjement/vikariat er det tilsett to juristar, Jan Gunnar Kaaresen og Malin Brekka Pedersen.

Kyrkjerådet si informasjonsavdeling har også ein medarbeidar som har sete på bispedømekontoret. Sandra Eide Nyland var først tilsett i eit engasjement ved bispedømekontoret, men er no tilsett som vikar i Kyrkjerådet.

Biskop Halvor Nordhaug har permisjon fram til 10. november, men deltek i bispedømerådet og bispemøtet. Fungerande biskop er domprost Gudmund Waaler. Han har kontoret sitt i Bergen domkirke menighet, men vil også vera ein del på bispedømekontoret.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"