Feirar samane sin nasjonaldag

Samane sin nasjonaldag blir feira med ei stor gudsteneste i Bergen domkirke 6. februar kl. 16.00. Om lag 500 kyrkjeleg tilsette frå heile Vestland er samla til Bjørgvin bispedøme sine stiftsdagar i Bergen og vil vera med på gudstenesta, som er open for alle. Det er to biskopar med på gudstenesta.

Den 6. februar blir det open gudsteneste i Bergen domkirke for å feira Samefolkets dag. Foto: Den norske kyrkja

– Samane sin nasjonaldag er ein festdag for heile nasjonen, og sjølvsagt særleg for den samiske befolkninga i Noreg. I år gjev det særleg meining å feire gudsteneste 6.februar for deltakarane i Bjørgvin bispedøme sine stiftsdagar saman med det samiske miljøet i Bergen, og med alle andre som ynskjer å kome til domkyrkja. Å høyre bibeltekstar lest både på samisk og norsk, og å oppleve samisk musikk i kyrkjerommet, utvidar vår forståing av mangfald og rikdom. Eg vonar det kan vere eit steg på vegen mot forståing og forsoning, seier biskop Ragnhild Jepsen som skal halde preika. 

Med seg i gudstenesta har biskopen sin kollega Olav Øygard, biskop i Nord-Hålogaland, Arild Hellesøy,  prost i Hardanger og Voss prosti og tidlegare sokneprest og prost i Indre Finnmark og Britt Jorunn Waag frå Bergen Sameforening. Hovudansvar for musikken har prisvinnande komponist og musikar Sondre Närva Pettersen. Både salmar og andre musikalske innslag har tydeleg samisk preg. 

Deltakarane på stiftsdagane får tidlegare denne dagen høyre om rapporten til Sannings-og forsoningskommisjonen om fornorskingspolitikken mot samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar.  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"