Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Svein Tindberg: Min trosreise

Svein Tindberg var gjest hos biskop Halvor Nordhaug i serien "På troen løs" 14. november. Sjå opptak av samtalen.

Samtalen starta med at Svein Tindberg las høgt frå boka si "Bibelforteljingar for barn". 

Skodespelar og forfattar Svein Tindberg samtalte med biskop Halvor Nordhaug med tema «Mi trusreise». Tindberg står bak teateroppsetningane: «Markusevangeliet», «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams barn». Gjennom arbeidet med desse framsyningane har han gitt seg ut på ei trusreise. Kvar starta reisa og kvar enda den; eller er han framleis undervegs?

Gjennom fleire tiår har Svein Tindberg hatt stor suksess med å gjenfortelje Bibelen til vaksne. No har han blitt bestefar, og då har det vakse fram eit ønskje om å formidle desse kjende og kjære historiane også til barn. Han har difor skrive boka "Bibelforteljingar for barn" som han las opp frå i starten av arrangementet.

På trua laus er ein møteserie der biskop Halvor Nordhaug ynskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsette den for spørsmål, kritikk og forsvar. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30