Ungdomsarbeidet i kyrkjelydane har tre viktige pillarar:
- Faste aktivitetar for ungdom, ofte i samarbeid med organisasjonar
- Trusopplæring/konfirmantarbeid
- Ungdomar si deltaking i kyrkjelyden sitt liv og i demokratiske organ
For faste aktivitetar i kyrkjelydane, kontakt din lokale kyrkjelyd. Sjå søk nede på sida.
Kyrkjelydane har fleire gode hjelparar i arbeidet med å nå ut til dei unge. Frivillige organisasjonar stiller gjerne opp i både kyrkjelydsarbeid, på skular og på studiestader. Les meir om ungdomsorganisasjonane
Ungdom er med i gudstenestelivet og andre ting som skjer i kyrkjelydane. Det året ein fyller 15 år, har ein røysterett. For å vera med i soknerådet, må ein likevel vere minst 18 år.
Ungdomsdemokrati
Kyrkja har også eit eige ungdomsdemokrati med bispedømet sitt ungdomsråd som utøvande organ. Dei blir vald på det årlege ungdomstinget i bispedømet. Nasjonalt arrangerar ein årleg Ungdomens kyrkjemøte, kor representantar frå Bjørgvin vert sendt.
Ungdomsbøna
I 2013 var det eit eige ungdomsår i Bjørgvin. Motto for året var "Venner for livet". I samband med ungdomsåret vart det skrive ei par bøner, ei til bruk i eige bøneliv og ei til bruk i gudstenester eller møte der ungdom samlast. Sjå lenke nedst på sida.