Svært mange husstandar i Rogaland har fått pilegrimskart i postkassa. På kartet står lokale kyrkjer og pilegrimsruter avmerka. Kyrkjene våre er heilagstader med arkitektur, symbol og kunst som har ein bodskap. Ta ein tur til ei kyrkje og finn ut kva ho vil fortelja. Bli kyrkjesamlar!
Skriv ut kyrkjesamlarskjema og kom i gang!
25 kyrkjer gjev ein pins, 50 gjev St. Svithuns diplom i sølv og har du besøkt 100 kyrkjer, får du diplomet i gull.
Pilegrimskartet er laga med støtte frå Rogaland Fylkeskommune og kyrkja sitt landsfond.