Misjonsmesse på kulturhuset 9.november

Fekk du ikkje kjøpt deg lefser på laurdag? Vi har framleis nokre pakkar igjen, til 180,- pr pakke. Ta kontakt på tlf 90083473!

Misjonsmesse på kulturhuset 9.november

Misjonsmessa 9.november vart ein flott dag, der over 70 000 kr vart samla inn til Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Thailand. Inntekta frå denne årlege misjonsmessa går til Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i fattige område i Thailand, der vi støttar arbeid blant barn og unge.

Det var sal av forskjellige varer, lefser , julekaker med meir. Mange prøvde vinnarlukka i lodd- og åresalet, og køen ved tombolabordet var lang nesten heile dagen! Klokka 13 var det familiesamling med song av GLØD og MiniGLØD, andakt ved Kristian Myklebust og informasjon frå misjonsprosjektet i Thailand.

Bak misjonsmessa står ein flott gjeng med eldsjeler, og vi er glade for at kyrkjelyden vår har ei så flott førjulsmessse og at mange ville komme og støtte arbeidet i Thailand!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"