Kjetil Lillesæter sine livssyns-program på NRK radio har vore populære i ei årrekke. Mest kjent er kanskje «Tro, håp og Lillesæter» der han intervjuer kjente personar. Andre program er «Salmer til alle tider» og «Godheten». Han er oppvaksen i Ålesund men har sterke røter til Ørsta og Follestaddalen. Lillesæter har reist mykje, og vil fortelle om sterke opplevingar frå reisene sine. Særskilt har han vore engasjert i Gaza, og dei kristne palestinarane sin situasjon her. Lillesæter har også fått velge mykje av musikken på «Livspust» denne søndagen.
Musikarane denne søndagen er John Inge Bjøringsøy- piano, Svein Hunnes – bass, Carlos Alberici – trommer og Ingrid Vik Henriksen - song.
Vel møtt til Livspust på søndag!