Inntekta frå denne årlege misjonsmessa går til Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i fattige område i Thailand, der vi støttar arbeid blandt barn og unge.
Førebuingane til misjonsmessa er igang, og vi håpar mange allereie no set av dagen!
Det blir sal av forskjellige varer, lefser , julekaker med meir. Det vert sjølvsagt også lodd- og åresal og tombola.! Som alltid, blir det osal av mat av ulikt slag, informasjon frå prosjektet, andakt , og song av barnekor.
Vil du gi gevinstar?
Håpar mange har lyst å støtte med små og store gevinstar. Desse kan leverast på kyrkjekontoret i Vikegata 5.
Det er også ei dokke som skal loddast ut, den er 43 cm, og blir glad for nokre klesskift!
Vi kjem med meir informasjon når dagen nærmar seg!