Jula kjem tidleg!
Jula kjem tidlegare og tidlegare, verkar det som, og spora etter den lilla adventstid er kanskje færre enn før. Tradisjonelt var jo adventstida ei faste- og førebuingtid før den store julehøgtida, som ikkje starta før ho starta julaftan og juledag. Advent hadde sine eigne skikkar, tekster og songar.
Vi kan sjølvsagt «gramme» oss over at det var betre før: Då var heile vinteren snøkvit og advent var lilla, og «no har det blitt så gale», med marsipan og julebrus frå haustferien av! Men det er kanskje ikkje så mykje hjelp i?
Kva kan vi gjere når det er adventstid?
Desse vekene med forventingar og førebuingar, avslutningar og samlingar, lys og songar, minner og planar og sorger, er jo for mange ein stor rikdom og ei gyllen tid på året! Og kanskje er det i tillegg nokre ting vi kan gjere- eller la vere- som kan gi oss noko av den gode ventinga? Konkrete val og handlingar som kan opne oss opp for jula som snart kjem?
Kva kan dette vere? Nokre forslag:
Kan du legge vekk telefonen ein time eller to kvar dag, og heilt medvite berre vere der du er og gjere det du gjer? Kanskje er det ei bok du eigentleg ville ha lest, eller eit barn du kan spele eit spel med i?
Kan du ringe eller kontakte nokon det er lenge sidan du har snakka med? (Då kan du sjølvsagt ta fram igjen telefonen!)
Er det nokon du kan invitere på kaffi ein ettermiddag?
Er det ein konsert, ei gudsteneste eller samling du kan delta på, og til og med invitere nokon med?
Er det ein plass ute du kan gå til for å kvile eller finne stillheit?
Kanskje vil du lese adventstida sine bibeltekstar, og sjå kva dei kan gi? På bibel.no finn du eiga lesehjelp for adventstida.
Kanskje er det heilt andre ting du vil gjere denne adventstida. Poenget er at det vi vel å gjere, det gjer noko med oss! I beste fall kan slike medvitne val, som gjerne vert kalla praksisar, opne oss opp for livgjevande krefter. Kanskje til og med opne oss for å ta i mot Han som kjem til oss.
Borna som viser veg
I teksten til første søndag i advent, er det barna som forstår det. Det er barna som tek imot Messias når han kjem. Det er dei som jublar og gleder seg over Jesus. Dei skriftlærde skjønar heller lite av gleda som veks fram rundt dei. Barn er ofte vegvisarar for vaksne i slike ting. Ikkje fordi dei er ekspertar. Heller ikkje fordi dei alltid har rett eller alltid kan få viljen sin. Heller fordi dei er born, som ser verda frå ein annan stad, med eit anna blikk, og som kan sjå Gud på ein annan måte.
Kanskje kan det vere denne adventstida si utfordring: Sjå borna rundt oss. Kven er det vi ser? Kva viser dei oss, når vi ser dei?