40 dagar
Kyrkja har byrja på fastetida. Ho tok til askeonsdag og varer heilt fram til påskedag. Til saman vert det 40 fastedagar, sidan ein ikkje reknar med søndagane. Søndagen er alltid ei feiring av Kristi oppstode.
Dei 40 dagane finn vi att fleire stadar i Bibelen: Moses var 40 dagar på Sinai, der han møtte Gud, og desse dagane åt eller drakk han ikkje noko (2 Mos 34, 27ff) Profeten Elia gjekk 40 dagar på veg til sitt gudsmøte på Horeb-fjellet( 1.Kongebok 19). Ikkje minst: Etter Jesus vart døypt, var han 40 dagar i øydemarka, der han kjempa mot den vonde. (Mark 1, 12ff)
Tidleg i kyrkja si historie byrja ein å halde fastetid før påske: På 300-talet finn vi dette omtala i nokre kjelder, og frå 600-talet var dette vanleg i heile kyrkja. Faste var då knytt til det å ikkje ete. Det var vanleg i den tidlege kyrkja at ein i fastetida ikkje åt frå morgonen og til kvelden kom. Visse matvarer, som egg, kjøt og mjølkeprodukt, avstod ein frå heile fastetida.
Opp gjennom historia har det vore mange ulike fastepraksisar, som gjerne har handla om å avstå frå mat. Det har nok også variert i kor stor grad folk har etterlevd kyrkja sine fastereglar! Dessutan har det også vore fleksible reglar, slik at til dømes dei som var sjuke eller gravide ikkje skulle faste. Også i dag er det store skilnader mellom kyrkjesamfunna i korleis ein fastar.
Nye måtar å faste på?
Peter Halldorf skriv: «Sjølv om faste i bibelsk tyding alltid handlar om å avstå frå mat i ei eller anna form, kan omgrepet verte utvida til å gjelde det som har med kroppen og sansane sine behov å gjere. I den tidlege kyrkja vart det lagt særleg vekt på magen og tunga si faste. I vår tid er auget og øyret si faste minst like aktuell.»
I dag vel mange å avstå frå eller redusere mediebruken sin i fastetida, og heller bruke denne tida til noko anna. Andre vel framleis å avstå frå eller redusere bruken av bestemte mat- eller drikkevarer, til dømes kjøt, søtsaker eller alkohol. Nokre vil i fastetida gje ekstra til diakonale formål, til dømes Kirkens Nødhjelp eller andre organisasjonar. Nokre vel å setje av ekstra tid til lesing, ettertanke og bøn. For mange kan ein fastepraksis vere å meir medvite bruke tid på andre, til å sjå og lytte til andre menneske.
Mange kristne oppdagar fastetida som ei tid med moglegheiter og glede, ei tid for konsentrasjon og andeleg fordjuping, ei tid for å rette blikket mot den andre. «Ei tid der livet får eit meir medvite fokus», som Peter Halldorf skriv.