Søndagstankar 18.august: Å lese ei likning, å lese ei bibeltekst

Når vi les ei bibeltekst, slik som denne søndagen si tekst: Kva tenker vi om det vi les, eigentleg? Er eit kvart vers, eit kvart avsnitt, slik vi les og forstår det, eit uttrykk for kven og korleis Gud er, og kva Gud vil oss? Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 13.søndagen i treiningstida.

istockphoto.com

Å lese ei likning, å lese ei bibeltekst

Kva tenker vi når vi les ei bibeltekst?

Når vi les ei bibeltekst, slik som denne søndagen si tekst: Kva tenker vi om det vi les, eigentleg? Er dette faktisk Guds vilje eller tale direkte til oss, her og no? Er det slik at om vi opnar Bibelen ein tilfeldig stad, let augene falle på eit vers og les dette, så kan vi «lese av» Gud? Er eit kvart vers, eit kvart avsnitt, slik vi les og forstår det, eit uttrykk for kven og korleis Gud er, og kva Gud vil oss?

Eg lurer på om mange som trur tenker slik? Og om ein ikkje ville sagt det akkurat slik, kan ein kanskje likevel frykte at det er slik? Nokre kristne målber jo sterkt og stadig ein slik måte å lese Bibelen på: «Eg les berre slik det står, og følgjer det, fullt og fast. Og det bør du også gjere!»

Ein annan måte å møte Bibelen på.

Den walisiske teologen Rowan Williams, tidlegare erkebiskop i den anglikanske kyrkja, gir oss ein annan måte å møte og lese bibeltekstar på. Eg trur denne måten å møte Bibelen sine rike og mangfaldige tekstar på gir oss både betre lesingar, betre gudsbilete og betre liv. Det er ein måte å lese Den heilage skrifta på som let Gud vere ein større Gud, ein Gud det går an å tru på! Det er ein måte å lese på som ikkje krampaktig held fast i Bibelen sin bokstav, og som dermed let Bibelen vere ei heilag tekst som framleis kan tale til oss menneske.

Williams skriv i den vesle boka "Det kristne livet": «Vi må møte Bibelen som vi møter Jesu likningar. Bibelen er ei gåve, ei utfordring og ein invitasjon til ei ny verd, der vi ser oss sjølve på nytt, på ein meir sannferdig måte» 

Kva meiner han med det? Han avviser sjølvsagt ikkje at mange av Bibelen sine forteljingar er knytte til historiske hendingar: Jesus døydde og stod opp, og sende ut læresveinane sine som vitne om det! Som biskop i den engelske kyrkja tenker han sjølvsagt at Bibelen har ein spesiell status og autoritet.

Men: Vi kan ikkje sjå på eit enkelt ord, ei enkelt likning, ei enkelt tekst som berar av heile sanninga om den kristne trua! Alt som kan seiast om Gud, får ikkje plass i éi likning! Eit kvart poeng, ei kvar overdriving eller oppsiktsvekkande bilete, er ikkje ei utsegn om kven Gud er! Vi kan ikkje bruke eit vers eller eit ord til å bygge ei heil lære om Gud! Å lese heile Bibelen, og på den måten vere open for å bli tala til av Gud, er noko anna enn å finne eit vilkårleg ord og seie «sjå, Guds ord seier!»

Søndagen si tekst, med lågare skuldrar.

Då kan vi kanskje lese søndagens tekst med lågare skuldrar: Vi treng ikkje å lese teksten og konkludere med at «ja, Gud er ein streng Gud som kjem for å straffe dei som ikkje er trufaste forvaltarar. Her må vi passe oss, her må vi vere fryktsame.» 

Heller kan vi kanskje sjå noko nytt om Gud og om livet vårt i Guds verd i denne teksten: Sidan Gud har skapt oss og gitt oss i oppdrag å ta vare på alt det skapte, har faktisk Gud forventningar til oss! Vi har oppgåver vi skal ta på alvor: Vi har fått noko, lite eller mykje, som vi skal ta vare på og bruke til det beste for andre. Det er ikkje likegyldig korleis vi brukar det vi har fått. Inn i mellom må vi spørje oss sjølve: Korleis lever eg? Korleis forvaltar eg det eg har fått? Er det noko som hindrar meg i å bruke det eg har fått til det gode for andre?

Vi menneske treng begge deler: Nåde og forventing. Gud møter oss med det vi treng. Først og sist og undervegs med nåde, men heldigvis også med forventing: Eg trur på deg! Ditt bidrag betyr noko! Ver ikkje redd for å bruke det du har fått!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"