Søndagstankar 20.oktober: Samaritan? Kulturarv?

Nokre gongar snakkar vi om «den kristne kulturarven» som om det er ein pakke vi kan gi vidare. Men er denne arven verkeleg ein «pakke» vi overleverer, utan å opne han? Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar:

Van Gogh/De barmhartige Samaritaan. Wikimedia commons

Den kristne trua, dei kristne symbola, høgtidene og tradisjonane, den kristne etikken og institusjonane, dei kristne salmane og songane, den kristne gudstenenestefeiringa, diakonien og praksisane har gjennom tusen år spelt ei rolle her i landet vi knapt greier å sjå omfanget av. Korleis det vert i framtida, veit ingen av oss. Men vi er sjølvsagt med på å avgjere det.

Så korleis kan ein gi dette vidare, om ein ønskjer det? Ikkje som ein pakke vi aldri opnar. Det går ikkje av seg sjølv. Det har det vel heller aldri gjort, men i dag har vi færre stadar der denne overleveringa skjer. Då blir dei stadane og høva vi har endå viktigare!

Kjenner alle samaritanen?

Søndagen si forteljingstekst i kyrkja er likninga om den miskunnsame samaritanen, som Jesus fortel til den lovkunnige. Det er vel ei forteljing alle kjenner til? Alle veit vel korleis nett den framande samaritanen, som viste miskunn mot mannen som fall i hendene på røvarar, er eit stort førebilete og ein figur som på grunnleggande vis har prega tenkinga om korleis vi skal vere mot kvarandre?

Nei, alle veit ikkje det! Kanskje har halvparten av 15-åringane i dag i det heile tatt høyrt om «den barmhjertige samaritan? Og kor sterkt står sjølve innhaldet og meininga i likninga i dag, nemleg å vise miskunn mot nesten vår, også når nesten vår viser seg å vere ein annan enn vi trudde?

Opne pakken!

Løysinga er å opne pakken, oppdage det gode som var pakka inn, glede seg over det og så gi det vidare. Det kan vi gjere på mange måtar. Ein konkret måte, akkurat denne helga kan kanskje vere: Les forteljnga frå Lukas 10 om den miskunnsame samaritanen! Kven er du i forteljinga? Kva kan denne likninga minne deg om, i ditt liv? Har du born rundt, kan du lese forteljinga i ein barnebibel eller fortelje henne med eigne ord, og snakke om henne. Har du lyst å lese meir, kan du finne andre grunnleggande bibeltekstar, til dømes likningane i Lukas 15, Sæleprisingane i Matteus 5, 1-16 eller forteljinga om Jesus som står opp i Johannes 20. Ein kan søke på nettet etter kjende kunstverk, med motiv frå desse forteljingane, og sjå nærare på desse, åleine eller saman med nokon. Ein kan gå på salmekveld eller gudsteneste, for å synge og kanskje oppdage.

Og alt dette kan ein sjølvsagt gjere, sjølv om ein ikkje tenker om seg sjølv at ein trur!

Slik kan vi gi vidare av skatten vi har fått: les, syng, fortel!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"