Søndagstankar 22. desember: Tid for undring

Sokneprest Arne Moltubak skriv om å undre seg over mysteriet i søndagstankane for den fjerde adventssøndagen.

Søndagstankar 22. desember: Tid for undring

Ein morgon denne veka fekk eg melding frå ein ung gut eg er fadder til. Han hadde vore på skulegudsteneste ein stad i Noreg og fått mykje å tenke på. Etter å ha meldt litt fram og tilbake skreiv han: «...eg lurer fortsatt på korleis Gud kan vere faren til Jesus. Det synes eg er litt vanskeleg å forstå.»

Eg kunne ikkje svare anna enn at det synes eg og. Eg forstår det faktisk ikkje i det heile. For korleis kan vi eigentleg forstå noko slikt? Er det i det heile tatt mogleg å forstå noko som helst av det som hende denne merkelege natta i Betlehem for over 2000 år sidan?

Kva forstod Josf og Maria?

Forstod Maria noko av alt dette? Vi les at ho gøymde det i hjartet sitt, men forstod ho det? Og Josef, kva tenkte han då han vakna etter draumen sin ei natt i Nasaret? Kva forstod han av orda om at barnet i Marias mage var av Den heilage ande og at han skulle gje han namnet Jesus fordi han skulle frelse folket frå syndene deira?

Vi veit ikkje så mykje om kva Josef og Maria forstod og ikkje forstod. Men det vi veit, som Bibelen fortel oss, er at Maria fekk ein gut. Eit menneske av kjøt og blod. Heilt som oss og likevel heilt annleis. Ein nyfødd gut som på ny og på ny gjev verda håp.

Barnet vaks til og Maria og Josef si undring vart ikkje mindre med åra. Dei såg 12-åringen sin sitte att i tempelet i Jerusalem og snakke med dei skriftlærde. Dei såg den vaksne sonen sin, saman med 12 gode vener, vandre rundt, gjere under og tale autoritetane midt imot. Dei måtte sjå sonen bli spikra på ein kross og lagt i ei grav, og nokre dagar seinare høyrde dei rykte om at han som var død var levande på ny. Kanskje mintest dei då englane sine ord frå den gongen om at han skulle frelse folket frå syndene deira. Men forstod dei kva orda betydde?

Tid for undring

Og kva med oss, forstå vi juleunderet? Eg gjer det iallefall ikkje. Men eg vil halde fram med å undre meg saman med unge og gamle. Eg vil halde fram med å trengje djupare inn i mysteriet om Gud som vart menneske. OG framfor alt, eg vil gjere som Maria og Josef: ta imot gåva og seie takk!

Sokneprest Arne Moltubak  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"