Søndagstankar 22.september: Skiljelinjer

Verda vi lever i er full av skiljelinjer. Og kva hadde alternativet vore? Det hadde vel vore kaos? Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 18.søndag i treiningstida.

Foto: Søndagsskolen Norge

Grenser og skiljelinjer

Verda vi lever i er full av skiljelinjer. Vi deler oss i grupper, klasser, avdelingar, parti og lag. Heilt frå vi er små, lærer vi oss at vi høyrer til i ei gruppe, medan vi ikkje er ein del av ei anna gruppe. Og kva hadde alternativet vore? Det hadde vel vore kaos? 

I skapingsforteljinga i byrjinga av Bibelen, skaper Gud verda. Det gjer han i stor grad ved å ordne, dele og setje på rett plass: Noko er lys, noko er mørke. Noko er dag, noko er natt. Noko er hav, noko er land. Verda Gud har skapt har ein orden, som held kaos på avstand.

Grenser og skiljelinjer verkar altså å vere noko vi treng. Det er måtar verda er ordna på, i stort og smått, slik at vi kan forstå oss sjølve og plassen vår i verda. Vi ser det særleg på borna at vi menneske treng grenser og orden for at vi verkeleg skal kunne utfalde oss og vekse. Når noko vert grenselaust, er det lett å verte desorientert. Utan grenser vert verda utrygg og farleg.

Og så kjem Jesus!

Og så kjem Jesus likevel og gjer ting litt meir uoversiktleg: Stadig vekk utfordrar han desse grensene og skiljelinjene som vi menneske opererer med: Mellom rik og fattig, mellom høg og lav, mellom innanfor og utanfor. Eller som i søndagsteksta denne gongen: Mellom dei som høyrde til Israels folk og dei som høyrde til dei andre folkeslaga. 

Den romerske offiseren høyrde i dei fleste sine auge ikkje til: Han var representant for okkupasjonsmakta, ein leiar i verda si mektigaste militærmakt. Han kunne vel umogleg ha ein plass i Guds rike, det som Jesus stadig fortalde om?

Men Jesus gjer det ikkje så lett for oss alltid: «Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru», seier han. Tenesteguten til offiseren vert frisk i same stunda.  

Den framande offiseren opna seg opp og vende seg til Jesus med ei bøn om hjelp. Jesus responderer og opnar Guds rike opp, denne gongen også. Han som var utanfor, er brått innanfor. Gudsriket veks fram, på ein uventa stad.

Ei rike med nye grenser

Kven er innanfor og kven er utanfor? Kven er høg og kven er lav? Kven skal sitje her og kven skal sitje der? Det er ikkje alltid svara er så tydelege, men det er tydeleg at hos Jesus vert grenser sprengde og skiljelinjer overskridne når det er til det gode. Slik ordnar han verda på nytt. Slik er Guds rike: Der vert dører opna og bord dekka på, også for alle oss som var utanfor. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"