Søndagstankar 27. oktober: Sashiko

Ordet «bot» har vel ingen positiv klang i språket vårt. Men det er der like fullt som eit viktig ord utan at vi tenker over det. Les sokneprest Espen Aarseth sine søndagstankar.

Søndagstankar 27. oktober: Sashiko

Vi får kanskje «bot» for å køyre for fort, vi «bøter» på skaden eller så lovar vi «bot og betring».

På søndag er det «Bot- og bededag». Det høyrest kanskje tungt ut, men det er og interessant å dykke ned i denne arven i kyrkja si historie.

Den katolske kyrkja har jo hatt bot og skriftemål som eit sakrament. Det vil seie: Ein stad der vi finn Guds nåde.

Altså: Når vi tek oppgjer med det som er galt, så er vi nær Gud!

Som lutherske kristne treng vi ikkje gjere bot for å få tilgjeving av Gud. Den er gratis, av nåde, berre til å ta imot.

Men mellom oss menneske lurar eg på: Kan det vere at vi hoppar for lett til ønsket om tilgjeving og gløymer å vise at vi angrar?

Å «bøte» klede er noko som har gått av moten. Vi kastar heller og kjøper oss ei ny bukse og får ein ny start. Men å «bøte» noko betyr jo å «gjere heilt igjen» noko som var øydelagt.

Sashiko  

I Japan har dei ein tradisjon som heiter Sashiko: Når noko skal bøtast, prøver dei ikkje å skjule såret, men lagar heller eit lite kunstferdig broderi av lappinga. Det som var stygt og skada vert på eit vis endå vakrare når ein viser fram levd liv.

Slik kan vi og tenke om å rette opp våre feil. Når ein relasjon vert såra eller skada, kan ein tilgi og få tilgjeving. Men kanskje bør vi også «bøte» litt for å vise at vi angrar. Då vert ikkje relasjonen berre heil, men kan hende, endå vakrare og nærare knytta.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"