Søndagstankar 28.juli: Krafta i tilgjeving

I i eit berømt sitat seier Jesus i Johannesevangeliet: «Sanninga skal gjere dykk frie.» Og vi kan kanskje føye til «Tilgjevinga skal gjere dykk frie». Les Espen Aarseth sine søndagstankar for 28.juli.

Søndagstankar 28.juli: Krafta i tilgjeving

I 1995 vart sannings- og forsoningskomiteen etablert i Sør- Afrika med biskop Desmond Tutu som leiar. Etter fallet av Apartheid-regimet måtte eit oppgjer skje, men vegen Sør-Afrika valte, var oppsiktsvekkande.  Såra etter Apartheid-regimet var store og blodige, og mange kravde hemn og straff for dei mange tusen forbrytarane.

Likevel var tok oppgjeret ei uventa retning: Målet var ikkje straff og havn, men forsoning. Dei av forbrytarane som meldte seg sjølv til sanningskommisjonen, ville bli utsett for ei rettssak der dei sjølve i detalj skulle fortelle om drap, vald og overgrep dei hadde gjort. Og dei skulle og sitte og lytte til historiene som vitne og offer fortalte, om korleis dei hadde opplevd overgrepa.

Men når forbrytarane endeleg hadde gått gjennom dette, sittande anlet til anlet med dei skadelidande, då var dei fri.

I time etter time, dagar, veker og år, sat sanningskomiteen og såg forbrytarane gå i oppløysing av tårer og skam i full offentlegheit i rettssalen.

Og då skjedde det av og til noko heilt uventa: Dei pårørande gjekk fram og gav forbrytaren tilgjeving.

Dei som hadde vore som eit monster mot andre, fekk med eitt eit menneskeleg ansikt tilbake. Forsoninga hadde skjedd. Sanninga og tilgjevinga forvandla dei til menneske igjen.

I i eit berømt sitat seier Jesus i Johannesevangeliet: «Sanninga skal gjere dykk frie» Og vi kan kanskje føye til «Tilgjevinga skal gjere dykk frie».

Vi ser det stadig rundt oss: Der løgna får leve, der vert menneske fanga i sitt eige spinn. Der det ikkje finst tilgjeving, der får bitterheit gro.

La oss leve opne liv. Utan løgn. Og la oss forsone oss og tilgi der vi kan.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"