Søndagstankar 3. november: Lys og salt

St. Kingas kapell ligg 101 meter under bakken ved den polske byen Wieliczka. Kapellet måler 54 ganger 17 meter og er 12 meter høgt. Det er ein del av saltgruvasom vart lagt ned i 1996 etter over 750 år med drift. Saltgruva var blant dei tolv første objekta på Unescos verdsarvliste. Sokneprest Arne Moltubak skriv om lys og salt i søndagstankane denne veka.

Søndagstankar 3. november: Lys og salt

Her, langt nede i gruvemørkret har arbeidarar grave ut både skulpturar, altar og døypefont. I taket skin ei lysekrone og lyser opp i det underjordiske mørkret.

«De er saltet på jorda!» sa Jesus og heldt fram: «De er lyset i verda!» Søndag feirer vi helgemesse i kyrkjene våre. Dette er ein minnedag både for våre kjære og nære og for helgenane, alle dei som med sine liv på ein særleg måte var førebilete og vitner om Guds kjærleik til alle menneske.

Vårt oppdrag

Slik dei kristne helgenane med ord og handling vitna om Guds kjærleik, slik er og vi kalla til å bere Guds kjærleik ut i verda. Til å vere lys og salt. Vi er kalla til å bruke våre liv, våre evner og resursar til å spreie lys og til å ta vare på alt som er godt. Slik saltet tek vare på maten og gjev smak, slik kan vi med våre liv ta vare på kvarandre, på fellesskapet og jorda vi bur på. På kvar vår måte kan vi gje smak, farge og tonar til alle fellesskap vi er ein del av. Slik lyset hjelper menneske å finne veg i trange og mørke rom, slik kan vi lyse for kvarandre når dagar, veker og år blir mørke.

Denne helga vil mange tenne lys på ei grav. Mange vil minnast ein dei var glad som ikkje er meir. Mange vil hugse tilbake med takksemd for alt den døde ein gong var.

Måtte dei gode minna også gjeve oss retning for våre liv, her og no. Måtte dei gode minna om alt som ein gong var også vere inspirasjon til å leve som lys og salt i vår verd, i vår tid.

Signa helgemesse!  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"