Søndagstankar 4. august: Kviledag

Kanskje står søndagen igjen i fare? Les Espen Aarseth sine søndagstankar til søndag 4.august.

Søndagstankar 4. august: Kviledag

Kviledag

Den 29. august i 1929 starta Josef Stalin eit storstilt prosjekt i Sovjetunionen: Å slette søndagen og dei kristne høgtidene som kviledagar for folket. I staden skulle folk jobbe fem dagar og ha fri ein sjette dag, før dei starta på ei ny fem-dagarsveke. I tillegg vart befolkninga delt inn i ulike grupper for å sikre seg at ingen i familie eller nærmiljø hadde fridag samtidig. Dermed skulle den kollektive arbeidsmoralen styrkast, og produktiviteten aukast.

Det enorme prosjektet vart kalla «Nepreryvka» og hadde aldri vorte forsøkt før i ein så stor skala.

Men under teppet låg det også ein skjult ideologisk agenada: Marxismen var djupt skeptisk til både familie og kyrkje som samfunnsberande institusjonar. Både familie og kyrkje gav folk meining og samanheng i livet, og i det kommunistiske prosjektet skulle all meining rettast inn mot stat og folk og helst ikkje noko anna.

Men sjølv i ein totalitærstat med uavgrensa makt, begynte «Nepreryvka» snart å gå i stå. Kommunistpartiet prøvde mange ulike variantar, men i 1940, etter elleve år, måtte dei innsjå at prosjektet var mislukka.

Folket vart motlause og mista heilt meininga med livet. Der dei før kunne sjå fram til ein søndag med kyrkje og familiehygge, var no alle dagar like. Motvillig måtte Stalin innsjå at krafta i den kollektive kvila var heilt nødvendig for folket.

I bibelteksta i dag høyrer vi om kor strengt den jødiske sabbaten vart praktisert. Det var reglar som berre gav få unntak for kviledagen som Gud hadde gitt i Dei ti bod. Då Jesus bryt desse reglane vert nokre forarga. Men Jesus seier at boda er til for menneska og ikkje omvendt.

Mange har kanskje i dag forarga seg over strenge reglar for handel, støy og søndagsopne butikkar. Men lærdomen frå Stalin sitt prosjekt er at vi treng desse felles fridagane meir enn vi anar.

I dag er kanskje fridagane igjen truga, når mange kan ha heimekontor og jobbe både tidleg og seint. Kanskje står søndagen igjen i fare?

La oss ikkje forarge oss over gode grenser. Dei er til av ein grunn. Vi treng å koble av, og vi treng å samlast i både familie og kyrkje. Gud har skapt oss med både evner og grenser. La oss halde fram med å halde kviledagen heilag!

 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"