Søndagstankar 7. juli: Hald løgn og svik langt borte frå meg!

"Pengar kjøper ikkje lykke" skreiv den franske forfattaren Pierre Choderlos de Laclos på 1700-talet. I søndagstankane for 7. juli knyter diakon Betty Søvik dette sitatet saman med bibeltekstene for denne søndagen.

Søndagstankar 7. juli: Hald løgn og svik langt borte frå meg!

Gode foreldre lærer borna sine å snakke sant. Om vi snakkar sant og ikkje sviktar kvarandre vil verda bli ein betre plass for kvar enkelt av oss.

Alle forstår kvifor vi ber om ikkje å bli ofre for fattigdom og liding. Vi ber ikkje til Gud for å få mykje pengar eller om å bli millionærar. Men, i vår søken etter rikdom gløymer vi ofte kva Gud vil for kvar enkelt av oss. Ofte gløymer vi også å takke han for det vi får.  

I mange såkalla fattige land har eg opplevd å stadig møte på glade vaksne folk og smilande born sjølv om dei strevar kvar dag får å overleve. Mitt inntrykk er at truande i desse fattige landa kvar dag takkar og prisar Herren for det dei får, sjølv om det er lite. Å takke Gud for mat og andre godar opplever eg ikkje er så vanleg i vår rike del av verda.   

I boka «Les liaisons dangereuses» av Pierre Choderlos de Laclos (1741-1803) kan ein lese  den populære setninga som er blitt eit fransk ordtak "l'argent ne fait pas le bonheur" som betyr at "pengar kjøper ikkje lykke." Det å ha mykje pengar er ikkje ein automatisk garanti for eit  lukkeleg liv. Eit verkeleg lukkeleg liv er basert på kjærleik og vennskap, ikkje løgn og bedrag.

Nok, men ikkje for mykje

Vi menneskjer ønsker oss ofte meir av ting. Søndagens tekst, Salomos Ordtak 30, 7-9, dannar ei balansert og ærleg bøn om å ha nok, ikkje for mykje. Bøna til den vise mannen som skreiv disse versa ber oss om å finne ein balanse i livet; ikkje streve etter meir rikdom og heider, men heller få akkurat nok av det som gir oss nytte. Ordtaket oppfordrar oss til å forandre oss både når det gjeld vår indre karakter og vår ytre oppførsel. Det påverkar ikkje berre vår forståing av Gud og vårt forhold til han, men også korleis vi samhandlar med kvarandre og vår eigen livskvalitet dag ut og dag inn.

I sin visdom ber Salomo om «berre mitt daglege brød». Han ber om måtehald. Han ber om nok, men ikkje for mykje eller for lite. Grunnen til denne moderasjonen er nøkkelen til eit godt og lukkeleg liv. Bibelen oppmuntrar oss til å etterlikna Salomo sitt ønske om å bringe ære til vår Herre. Sann visdom, gode opplevingar og nyting av kjærleik er av større verdi enn all rikdom. Ein må aldri ofre namnet sitt i jakta på ting. Stol heller ikkje på rikdommen din. «For kjærleik til pengar er rota til alt vondt…» 1 Tim 6,10

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"