Søndagstankar 16. juni: Kunsten å gi

I bibelteksta denne søndagen, får vi høyre om Jesus som møter ei fattig enke ved tempelkista. Les sokneprest Espen Aarseth sine søndagstankar til 16.juni

Søndagstankar 16. juni: Kunsten å gi

Ved det store templet i Jerusalem, var det på Jesu tid tretten kister for innsamling av pengar. Kistene hadde ein stor metall-trompet på toppen, slik at det berre skulle gå an å sleppe pengar nedi, men ikkje stele eller ta noko ut. Den store metall-trompeten hadde også ein hyggeleg bi-effekt for dei som gav mykje: Då kunne alle høyre at pengane skrangla lenge og laga mykje lyd på vegen ned.

Denne dagen hadde Jesus sett seg ned rett ovanfor ei tempelkiste ilag med læresveinane.

Mange rike gir mykje pengar som skranglar i kista, men ei enke gir berre to små myntar som knapt gir frå seg eit lite pling.

Ingen andre enn Jesus legg merke til denne enka. Ho var nedst på den sosiale og økonomiske rangstigen.

Når ei kvinne den gong mista mannen sin, mista ho heile det økonomiske livsgrunnlaget sitt og var overgitt til å måtte leve på gåver resten av livet. Dei to små myntane hadde ho kanskje fått som ei gåve. Ho hadde lært å ta imot, men ho hadde også lært å gi, sjølv av det vesle ho hadde.

Kanskje har vi noko å lære av denne enka framleis, i vårt rike land? Kan vi kunsten i det å heilhjarta ta imot og gi vidare, eller har rikdomen lukka hjartene våre?

Då eg var på besøk i eit fattig afrikansk land, vegra eg meg for å ta imot gåver frå folk som var fattige. Eg tenkte at eg ikkje ville ta ifrå dei det vesle dei hadde.

Men dei eg møtte lærte meg ei lekse: «Ikkje ta frå folk sjansen til å gi deg noko. For når du har noko å gi bort, ja då har du overflod, då er du rik. Men dersom du ikkje gir noko, når du held alt for deg sjølv, då er du fattig».

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"