20. juli Søndagstankar

20. juli Søndagstankar

SØNDAGSTANKAR: SYND OG STRAFF

Bibelen er ei fasinerande bok å lese. Den består av Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Ordet «testament» betyr pakt. Den nye pakt og Jesus sin bodskap kan ein lese om i Det nye testamentet. Den gamle pakt mellom Gud og Isreals folk står skrive i Det gamle testamentet. Både i Det gamle testamentet og i Det Nye testamentet finn vi verdifulle råd om livsførsel og god åtferd overfor kvarandre.

Jesus åtvara mot dømmesjuke menneskjer, mot å dømma andre. Dømmesjuke var kanskje meir aktuelt i den kulturen han levde i. Men omgrepet dømmesjuke heng fortsatt igjen i uttrykk og vendingar  i språket vårt. For eksempel: «Dei skulle skamme seg!» «Det går da ikkje an!» «Du har ikkje respekt for noko lenger!» «Sånn går det!» «Har du høyrt på maken!»

I Johannes evangeliet les vi om kvinna som var gripen for ekteskapsbrot. Korleis takla Jesus det? Som sak eller medmenneske? Mennene som kom slepande med kvinna for å steine henne til døden behandla henne som ei sak. Jesus behandla henne som eit medmenneske. Dei som kom for å sette Jesus på prøve var ganske utspekulerte. Viss Jesus sa ja til å steine kvinna, ville han bli meldt til romarane, for det var berre dei som kunne fullbyrde dødsdomar den gongen. Viss han sa nei til å steine kvinna, ville han bli meldt til jødane sitt høge råd for å tale mot Moselova (3Mos, 20: 10).

Jesus demonstrerte at han ikkje var kommen for å døma verda, men for å frelse verda frå syndene, ikkje ved å døma og straffa men med tilgjeving og nåde. Jesus tok både vare på kvinna og på familien til mannen som var delaktig i ekteskapsbrotet. Han gav den syndige kvinna frelsa samtidig som han åtvara ho mot å gjenta synda. Gjennom det gav han familien til mannen støtte ved å meine at ugjerninga som mannen og kvinna hadde gjort var «synd»; brot på eit av dei ti boda i Moseboka  om å ikkje bryte ekteskapet (2Mos 20: 14 og 17).  

Synd er eit sterkt ord! Men det er eit forfallsteikn når eit samfunn sluttar å bruke ordet «synd». Eit overgrep skal med rette kallas synd i bibelsk forstand. Synd er noko som ikkje skal førekomme i eit samfunn. Viss ordet synd går ut av språket vårt, sit offeret igjen med skaden utan samfunnets støtte for skaden som er gjort.

Dei bibelske beretningane utfordrar oss på at vi alle har våre freistnader og tilbøyelegheiter til å påføre andre urett. Viss vi sluttar å vere ansvarlege for våre handlingar, og viss vi rotar oss inn i forhold som ikkje toler dagens lys, då kan vi alle utvikle umenneskeleg trekk.

Historia har vist at venlege og kjærlege familiemedlemar kan oppføre seg som psykopatar på jobben, og elskelege medarbeidarar på jobben kan vere valdelege i heimen. Det handlar om å handtere sine freistnader og livsførsel. Ansvar gjer oss ikkje syndfrie, men det gjer oss til menneskjer som kan leve trygt med Guds oppgjer.

Jesus lærer oss at den endelege dommen høyrer Herren til, og ikkje oss menneska. Vi har ingen rett til å bestemme over andre menneskjer si evige skjebne.

Betty Søvik, diakon

Johannes 8, 2-11:  «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»  Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han.  Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"