Søndagstankar 30. mars: Det gode som eg vil...

Sokneprest Arne Moltubak skriv søndagstankar for 30. mars. Han skriv om gode og vonde krefter som påverkar oss i våre daglege val og om Peter-fortellinga som kjelde til både inspirasjon og trøyst.

Søndagstankar 30. mars: Det gode som eg vil...

«Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen.» Desse orda, forsakinga, seier vi fram i kyrkjene våre kvar gong eit menneske blir døpt. Saman, som fellesskap, set vi ord på at vi alle saman står i ein kamp. Ein kamp mellom det gode og det vonde. Ein kamp mellom det som bygger opp og det som riv ned. Det som bind oss saman og det som bygger bruer mellom oss.

Vi lever ikkje isolerte liv. Vi gjer ikkje vala våre i eit vakuum. Vi er utsett for gode og vonde krefter som stadig kjempar om vår merksemd, vår tillit og vår vilje. Krefter inni oss sjølve og krefter rundt oss. Apostelen Paulus skriv om denne kampen i brevet til Romarane: «Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.» Det er ein herleg realisme i desse orda. Paulus tek sitt eige liv på alvor. Han skjønnmalar ikkje, men seier det som det er. Han greier ikkje å leve opp til alle sine gode forsett. Han maktar ikkje alltid vere den beste versjonen av seg sjølv.

Peter til inspirasjon og  trøyst

Jesus gjev uttrykk for noko av den same realismen i sine avskilsord til læresveinane. Han veit at han sjølv kjem til å stå åleine i sin siste kamp og at til og med Peter kjem til å svikte. At frykta vil ta overhand og freiste Peter til å bøye av. Ikkje berre ein, men to og tre gonger skal Peter fornekte venskapet deira.

Peter sjølv visste godt kva som ville vere rett å gjere. Han visste at han burde stå opp for og støtte Jesus. Likevel blei frykta for eige liv større enn motet til å kjempe for Jesus sitt. Det gode som han ville, gjorde han ikkje, men det vonde som han ikkje ville, det gjorde han.

Vi har våre kampar. Våre val å ta. Maktar vi å vende oss bort frå det vonde og velje det gode? Maktar vi å vere tru mot eigne verdiar også når det kostar. Eller gir vi etter for komfort, den gode stemninga og våre eigne personlege draumar?

Lat oss bruke fortellinga om Peter både som inspirasjon og trøyst. Inspirasjon til å stå i kampen for det gode også når det vert vanskeleg. Trøyst når vi innser at vi, som Paulus og Peter, ikkje maktar å leve opp til eigne ideal og treng eit blankt ark og ein ny start.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"