Søndagstankar 30.juni: Å invitere inn!

Kva er vel vanskelegare, når vi tenker oss om, enn å invitere ope? Les vikarprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til Apostedagen, 30.juni 2024.

Søndagstankar 30.juni: Å invitere inn!

Apostlane si viktige oppgåve: Å invitere inn!

Apostlane Jesus sende ut skulle ikkje bli religiøse spesialistar, eller vere perfekte eksemplar av menneskeslekta. Desse apostlane var vanlege menneske, slik vi er det. Men dei fekk ei viktig oppgåve, av Jesus sjølv: Dei skulle tore å invitere inn, invitere med, invitere til. Det vanskelege i oppgåva låg i kven dei skulle invitere inn og med: Andre menneske, folk som dei sjølve, folk som oss! 

For kva er vel vanskelegare, når vi tenker oss om, enn å invitere så ope? Det er lett å invitere dei ein kjenner, dei ein likar, dei ein sjølv vel. Det er verre når ein må invitere alle; dei ein ikkje likar, eller dei ein veit ikkje likar ein sjølv! «Du får ikkje kome i bursdagen min», har min fireåring sagt denne våren, og ho er nok representativ for ei heil menneskeslekt akkurat der.

Ei kyrkje som strevar med det som er for enkelt

Dette er noko kyrkja har streva med, heilt sidan apostlane prøvde å hindre dei små i å kome til Jesus: Ofte har ein kjent at «nei, det må vel vere nokre grenser? Kan dette verkeleg vere for alle? Det er vel best vi lagar litt orden, i det minste set nokre krav til dei som er inviterte?»

Så blir for eksempel dåpen vanskeleg: Det blir for mange, for lettvint, for få krav. Vi må stramme til litt! Og nattverden kan bli vanskeleg, fordi det verkar så lettvint: Berre litt brød og vin? For smått! For enkelt! For uforpliktande!

Men dåpen og nattverden, i si komplekse enkelheit, er altså dei fremste teikna vi har på at invitasjonen frå Gud sjølv er ståande: Gratis, utan krav, for alle. Nåde. Kanskje difor det er så vanskeleg?

Tenk at det er slik!

Apostlane si gåve til oss er vitnemålet om at det er slik: Tenk at det finst ein stad som er slik! Tenk at det finst ein kjærleik som er slik! Tenk at Guds kjærleik er utan grenser, botnlaus, fri! Tenk at denne kjærleiken gjeld akkurat oss, akkurat meg!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"