Søndagstankar 9.juni: Jesus og borna

Når Jesus tar imot borna, viser han med det eit eksempel på at barna har ein eigenverdi. Les diakon Betty Søvik sine søndagstankar til 9.juni

Illustrasjon: Søndagsskolen Norge

Barndomskyrkja mi- eit skur med jernplater til tak

Frå barndomen hugsar eg godt søndagsskulen i vår lokale lutherske kyrkje. Kyrkja vår var ikkje ei fancy kyrkje. Det var eit skur med jernplater som tak, men det var «kyrkja vår» og den pleidde å vere full av menneskjer frå alle aldersgrupper på søndagane. Vi hadde søndagsskule på ein skule like ved kyrkja. På slutten av søndagsskuletimen deltok borna i den ordinære gudstenesta. Der resiterte vi for heile kyrkjelyden nokre av bibelversa og songane som vi hadde lært utanåt på søndagsskulen. Eg elska når born i forskjellige aldrar kom saman og danne eit stor kor. Vi kunne synge svært høgt og fleirstemt saman. Songar som «Omwa o teya» som betyr "Herren kommer" og "Kakuna uusiku nkoka" som betyr «Det er ingen natt i himmelen", gir meg fortsatt stor glede. Eg har så mange gode minner knyta til søndagsskulen, og dei gode minna gir meg fortsatt håp. Eg ynskjer at alle born i verda skal finne gode opplevingar i vår kristne tru med nær tilknyting til sine lokale kyrkjer.

Glede og stoltheit

Eg har jobba i Den norske kyrkja i litt over ti år. Eg har sett mange born bli døypte og mange born delta i forskjellige kyrkjelege aktivitetar. Eg har sett foreldra si glede og stoltheit når borna deira vert døypte, når ungane tek del i kyrkjelege aktivitetar som song og musikk, søndagsskulen og når dei litt eldre borna les bibelvers i gudstenesta. Men det viktigaste er at borna viser glede ved å delta i desse aktivitetane. Mange av dei som har kome til kyrkjeaktivitetar som tårnagent og lysvåken har hatt det så gøy at dei har spurt kvifor vi ikkje har desse aktivitetane oftare. «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til», det står skrive i Markus evangeliet.

Borna sin plass i kyrkja

Set vi pris på at borna våre kjenner den trua dei er døypte i? Då har vi også eit ansvar for å la dei gå til kyrkja, delta i søndagskulen og lære om den kristne trua. Læra om trua på Gud og eksempla frå Jesus sitt liv og gjerningar har mykje å tilby oss alle for god karakterbygging.

Matteus, Markus og Lukas deler alle på kvar sin måte den enkle historia om Jesus som ynskte borna velkommen og velsigna dei etter at læresveinane hadde forsøkt å sende dei bort. Markus si beretning er den lengste - fire vers totalt. Det er ei enkel historie, men den formidlar minst to bodskap som er svært viktige: 

Når Jesus tar imot borna, viser han med det eit eksempel på at barna har ein eigenverdi og fortener å vere aktivt med i det kristne samværet. Handlinga er også eit tydeleg eksempel på Jesus sin kjærleik til alle menneskjer, også overfor dei som samfunnet ser på som ubetydelege eller ikkje verdige nok. For ei velsigna handling Jesus viste oss!  Dei som vel å komme til Jesus vil ikkje bli avviste.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"