Anne Line Kroken Holme tok til å arbeide som kapellan i Løvstakksiden menighet etter påske i år, frå 6. april.
På grunn av korona-restriksjonar har det drygt med innsetjings-gudsteneste for henne. Men søndag 18. april skjer det. Prost i Bergensdalen prosti, Anne Mathilde Klare, vil vere der og føreta innsetjinga.
Anne Line vart ferdig utdanna teolog frå MF i 2012, og budde deretter nokre år i Løvstakksiden. Ho kjenner menigheta litt frå før, fordi ho var i menighetsrådet ei periode.
Ho er elles gift, har to små born, og familia bur for tida i Fløenbakken. Sjå meir om henne i siste nummer av menighetsbladet.