Slik går de fram

Slik går de fram om de planlegg bryllaup

Slik går de fram

1 Ring kyrkjekontoret - fyll ut skjema 

Dersom de går med gifteplaner ver ute i god tid med å avtale tid og stad for vigsla, dette gjer de ved å ringe kyrkjekontoret (70017680). Vi sjekkar om det er ledig. Etter å ha avtalt ein tid og stad for vigsla, fyllar dykk inn skjemaet "Skjema til kyrkjekontoret ved vigsel" som ligg nedst på sida, og sendar til post.ulstein@kyrkja.no. 

I Ulstein er det vederlagsfritt å gifte seg dersom éin eller begge av brudefolket er medlem i Den norske kyrkja. 

2 Prøvingsattest

Alle som skal gifte seg må søkje om prøvingsattest og fylle inn forlovererklæring på Skatteetatens nettsider - gjer dette i god tid. Kyrkjekontoret må ha den godkjente prøvingsattesten ein månad før vigselsdatoen. Skjema for prøvingsattest og forlovererklæring ligg nedst på denne sida.

3 Planlegging av vigsla 

Presten tek kontakt med brudeparet i god tid for å planlegge vigsla og bli kjend med brudeparet gjennom ein vigselssamtale. Presten er også tilgjengeleg for spørsmål eller avklaringar brudeparet måtte ha undervegs. Organisten kan bistå med val av salmar, brudemarsj og solomusikk. Les meir under "Musikk, salmar og liturgi".

Brudeparet er velkomne til å setje sitt personlege preg på vigsla med solosong, at forlovarar eller familie les bibeltekstene og andre symbolhandlingar. Det er også høve å feire Bryllaupsmesse, altså ha nattverd i vigsla.

-----------------------

Dåp og vigsel

I dei siste åra ser vi at stadig fleire ynskjer å vie seg i samband med at dei døyper borna sine. Dette er veldig fint. Ta kontakt med presten eller kyrkjekontoret for meir informasjon og avtale for dåp-og vigselshandling.

Fornying av ekteskapsløfta

Med tida kan det vere fint å fornye ekteskapsløfta etter til dømes ei vanskeleg periode i samlivet, eller ved merkedagar. Somme fekk ikkje gifte seg i sjølve kyrkjeromet før, og vil gjerne ha ein seremoni som heilar dette. Ta kontakt med presten og så finn vi ein fin måte å gjer dette på.

Samlivsbrot

Ingen går ifrå kvarandre med lett hjarte. Eit samlivsbrot merkar vaksne og born for livet. Samlivsbrot kallast «sorga ein ikkje sender blomar til». Dersom de strevar med samlivet, eller skal gå frå kvarandre, kan ein prest også vere ein god medvandrar i denne smertefulle prosessen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"