Dåp

Når eit barn vert boren til dåp, blir vi minnet om at ingen kan bære seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekker seg over heile verda – og gjennom alle tider.

Dåpen er ei trefalda kjærleikshandling. I kjærleik ber familien og fadrar barnet til dåp med ønskje om det beste for barnet sitt liv. Kyrkja og kyrkjelyden omfamnar og tek imot eit nytt medlem i kjærleik.

Den tredje kjærleikshandlinga er at Gud bekreftar sin kjærleik til barnet , gjev det sin heilage Ande og barnet får del i Kristi kjærleik og nåde.

Ved dåpen har barnet alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og i dåpen gjev Gud sin lovnad om å følgje barnet alle sine dagar.