Vedtekter for gravplassene i Ulstein 2023

Vedtekter for gravplassene i Ulstein har vore ut til høyring. Bakgrunn for høyringa er planen om å etablere ein namna minnelund og ein urnelund på eksisterande gravplass i Ulstein, Osnes kyrkjegard, men også endringar i dei statlege føringane for gravplassvedtektene.

Osnes gravplass sommer

Høyringsfrist var 1. juni 2023

Ulstein kyrkjelege fellesråd har handsama høyringssvar og vedtatt vedtektene i sitt møte 14.06.2023.

Vedtektene er godkjent av Statsforvalteren I vestfold og Telemark 03.07.2023

 

Høyringsnotat Vedtekter for gravplassene i Ulstein kommune

Vedlegg:

  • Høyringsforslag frå Ulstein kyrkjelege fellesråd, vedteken 07.04.2022 i sak F-2022/11
  • Betalingsregulativ gravferdsforvaltning Ulstein kommune, vedteken 19.05.2022 i sak P45/22 i Ulstein kommunestyre


Ulstein sokneråd har ansvar for gravferdsforvaltning i Ulstein kommune. Osnes kyrkjegard er den einaste gravplassen i drift i kommunen. Vedtektene for gravplassen treng å bli revidert med jamne mellomrom. Statsforvalteren i Vestfold og Telemark sendte ut ein mal for reviderte gravplassvedtektene desember 2021. Desse skal tilpassast lokalt og bli godkjent av statsforvalteren til slutt.

Forslag for nye vedtekter har blitt lagt it til høyring med frist 1. juni 2023.
Ulstein kyrkjelege fellesråd har handsama høyringssvar og vedtatt vedtektene i sitt møte 14.06.2023.
Stastforvalteren i Vestfold og Telemark har godkjrent vedtektene 03.07.2023.

Med bakgrunn i at det er veldig lite ledig areal igjen på Osnes kyrkjegard har Ulstein kyrkjelege fellesråd fremja forslaget om å oppretta ein namna minnelund og legge betre til rette for urnegraver. Ulstein kommune har løyva midlar til dette gjennom budsjett og økonomiplan 2021-2024 og vedtatt satsar for gravlegging i namna minnelund.

I samband med etablering av namna minnelund og tilrettelegging for urnegraver treng også vedtektene å bli tilpassa. Med bakgrunn i kritisk mangel på areal for utviding / nyetablering av gravplass i Ulstein treng vedtektene også legge til rette for ein meir effektiv bruk av tilgjengelege graver.

Dette er nytt / endra i gravplassvedtektene:

  1. Bruk av namna minnelund og urnegraver er regulert.
  2. Festetid for graver er redusert, slik at graver kan bli gjenbrukt hyppigare.
  3. Det er ikkje lenger høve til kistegravlegging for avdøde ikkje busatt i Ulstein kommune. Det er høve til å setje ned urna av personar ikkje busatt i Ulstein kommune på gravplassen mot eit vederlag.

Ulsteinvik, 03.07.2023
Christfried Kaul, kyrkjeverje Ulstein kyrkjelege fellesråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"