Preike på avslutning og utsendingsgudsteneste

Maria Bodskapsdag Ulstein kyrkje 23. mars 2025. preike av Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein

bilde av Mariafigur tilhøyrande Ulstein kyrkje. Bilde: Cecilie Hatløy

Det heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas.

Maria og Elisabet

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Lukas 1, 39- 45 

Slik lyder det heilage evangeliet.

«Eg va svakar enn eg trudde. Eg såg det gong på gong 
Eg va reddar enn eg håpa. Eg kjente det då det kom 
Eg va veikar enn eg ville. Eg bar på fleire tonn 
Eg va mindre enn eg hevda. Eg ville ikkje vera sånn»

Slik syng Stein Torleif Bjella i songen «Nåde»  av Thomas Dybdal.

Den uttrykker ei menneskeleg kjensle av å ikkje stekke til som mange kan kjenne att. Eg gjenkjenner livskjensla i nokre av mine livsdagar, og i mange livshistorier eg har lytta til gjennom snart 14 år som sokneprest her. Så mykje tru, håp og kjærleik, og så mange blytunge sorger. Vi liknar Bibelens persongalleri som lever med gleder og bører, sigrar og nederlag. Vi vil lage oss gode dagar med stø kurs og klar retning, og så skjer livet. Det vakre, sårbare livet som ikkje er beint fram for nokon av oss.

I dag møter vi Maria som treng nokon å gå til med livet sitt. Med den ho er, med hemmeligheiter som brenn i hjartet, og med det ho bær i magen som ho trur vil øydelegge alt. Guten ho er så forelska vil sikkert stikke, ho vert utskjemt og utstøtt, og ingen vil tru på det ho knapt kan tru på sjølv. Ho er rådvill. Vi veit ikkje om ho blir sendt heimanfrå, eller om ho stikk sjølv.  Men der finst ei ho kan gå til, Elisabeth.

 

MØTET OG DET GUDBÆRANDE LIVET

Det var forsommar i Oslo den dagen eg som teologistudent og leiar for utval for ungdomsspørsmål i Kyrkjerådet, med pinn kort skjørt, platåsko og svart genser entra Vestre Aker menighetshus. Der var ein blid gjeng som inviterte oss på dans, dreiv aerobic og geleida oss til å ta barnetatoveringar på armen, bygge legoslott og teikne kryss i panna på andre. Alt medan dundrande musikk heldt på i bakgrunnen som vi eigentleg skulle synge med på. Det var kaotisk og vilt framandgjerande. Etter ei stund kom Kenda Creasy Dean på scena og ba oss sette oss. «Husk denne kjensla her, for den er viktig. Slik opplever ungdom å kome inn på gudstenestene våre» Professoren fortalde så om Maria, ungdomen som viste oss det gudbærande livet. Om forvirringa av å ikkje passe inn, bære på ting trur sett alt på spill, og at der alltid finst nokon å gå til. Og at vi har det same kallet som Maria hadde; å bære Kristus til verda.

« Då såg eg at alt det svake -det vart styrken min.»

Nåde kort fortalt i vår tid av mr. Bjella.

Nåde kort fortalt i Maria sitt liv, var møtet med Elisabeth.

Ho var ei å gå til med livet sitt. Som med glede og bekrefting omfamna hennar sårbarheit og heldt eit kjærleg rom slik at den fekk forvandla seg til styrke. Slik viser ho at alt liv treng eit gjensvar. Nokon som ser, bekrefter det gode vi er, trua er sterk nok og at livet bær.

Eg har møtt nokre slike i mitt liv, og mange av dokke sitt her i dag. Eg håper du har møtt slike «Elisabet», og at du vil møte mange framover i livet.

Elisabeth og Maria viser oss kva det vil seie å leve eit gudbærande liv. Åleine vert det for tungt for Maria, men Elisabeth sitt gjensvar gjer at det er mogleg å bære. Elisabet er ein god prest for Maria, der ho fylt av den heilage Ande møter henne med glede og aksept, og signar oppgåva ho skal gjere.

 

Å BÆRE

Maria ber eit barn. Det er fantastisk å bære liv.

Nokre kvinner veit kva glede som fyller oss når vi kjenner at barnet i magen sparkar, og all forventing det skaper. Det nye livet sitrar i alt ved denne dagen. Noko nytt skapast, våren gror ute, liv spirer, det er 9 månader til jul.

Med ein gong vi har byrja elske, kjem ofte frykta for å miste.

Det er forferdelig å miste liv. Idag minnast vi våre medmenneske som gjekk ut av vår tid, nokon altfor tidleg. Eg og familien har sjølv erfart at livet slutta i magen då vi misste vår dotter, og det er sterkt at vi i dag skal minnest eit vakkert barn som gjekk rett til «Guds lille helgenskare» ( Sang av P. K Pedersen).

Er eit gudbærande liv noko som bær når gleda er slokna, kjærleik tørkar ut, og smerte festar grepet både inni oss og rundt oss. Kven skal vi då gå til?

Ei jul for snart 100 år sidan gjekk soknepresten opp på denne preikestolen med livserfaringa av å nyleg ha mista eit barn. Det seiast han las juleevangeliet, og sette seg. Når Jesu blei fødd og boren til tempelet vert det sagt til Maria at barnet hennar skal bringe klarheit og frelse, men gjennom hennar sjel skal det gå eit sverd.( Luk 2: 35) Det gudbærande livet inneheld også smerte. «Pieta» er kyrkjekunstens motiv av Maria som held sin døde son Jesus i hendene langfredag. Ho bær Jesus under hjartet, går med han gjennom livet, så til kross, grav, og til hagen den morgonen der alt blir forvandla til nærvær og song.

 

DET SOM BÆR              ( dette avsnittet hoppa predikanten over grunna tid)

Vi skal gå til ei klok kvinne i kyrkjehistoria. Theresa av Avila var læremesteren og pavens rådgjevar på 1500 talet. Ho tek tak i det store spørsmålet om korleis vi kan tru på ein god Gud når livet gjer så vondt?

Ho seier at vegen ikkje utanom, men inn i vår sjel, der vi innerst inne er som ein klar diamant. Vi bær det skinande merket etter å ha vore eitt med Gud i skapinga, og dette merket er det ingenting som kan ta frå oss. Alt som skjer oss i livet, alt vi ber med oss, gjer at vi kan kjenne oss forvirra og fortapt, men der er ingenting, seier Theresa, som kan ta ifrå oss det verdet vi har innerst inne. Vår sjel blir bevart gjennom alt og ingenting kan skille oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus. (Romerane 8: 35 og Den indre Borgen av Theresa av Avila)

Vår sjels diamant sotast av livets smertelege erfaring, og vi protester med rette mot urett, død og øydeleggingar, seier ho, men vi sluttar aldri å skine. Vår sjel hugsar vårt verd og einskapen med Gud gjennom krafta i alt det vakre: fellesskap, song, bøn, natur, kontemplasjon, kjærleik, respekt, rettferd, nestekjærleik, omsorg, …solnedgangar på Flø, duka sunnmørske kakebord.. alt som minner oss om godheit vi ikkje kan ta i eige, men dele.

Theresa av Avila har hjulpe meg å tru. Omfamna spiren i bringa som ei strålande Elisabeth full av liv og mint meg om at Guds vakre kjærleik ligg i botnen av tilværet. Vi er elska og forløyst av Kristus til eit gudbærande liv, fordi Gud bær det. Menneskes verdigheit som elska og skapt i Guds bilde, går aldri tapt. (Beguilded by beauty av Wendy Farley)

 

OPNE HENDER

Maria i kyrkjekunsten er skildra med hovudsakleg to kroppsspråk:

Anten held ho Jesus inntil seg, slik vi ser i Maria- figuren vår her i kyrkja - eller så står ho med opne handflater utover.

Slik viser ho det gudbærande livets kroppsspråk,

- å løfte og verne,
- og å opne og gje slepp.

Hanna opna handa for sin førstefødde, som Ole Martin las ( 1. Sam 1; 21-28)

Maria opna livet sitt. ( Lukas 1; 26f)

Forretningskvinna Lydia opna hjartet sitt og let rikdomen sin bygge kyrkje.( APG 16, 12-15)

3 kvinner som opna livet sitt slik at hjarta og hender viste det gudbærande livet. Martin Luther skal ha sagt det slik: «alt eg nokongong har halde fast har det blitt ingenting av, men alt eg har opna handa og gitt til Gud, har Gud velsigna rikt.» I ei tid der verdsleiarar knyttar never og rustar til strid, og vi ofte maktesløyse klamrar oss til materiell velstand og flyktig lukke, må vi ikkje gløyme å bekrefte det gudbærande livet og dei opne hendene hos kvarandre.

For alt er gåver.

Ingenting kan haldast fast.

Verken menneske, ting eller livet.

 

DET NESTE STEG

Eg vil alltid hugse då eg opna handa og løfta middeladerkalken ved alteret her i august 2011. Det var historisk som fyrste kvinne som sokneprest her, og dei 3 kvinnene avbilda på kalken hadde stått der lenge og venta: St. Sunniva – vestlandshelgen, St, Barberina, og Maria Magdalena. (Dei er avbilda på middeladerkalken ilag med HeilagOlav)

Kalken vart løfta i denne kyrkja i 1864 då Severine Klungsøyr i Tjørvågen rett over fjorden her starta den fyrste Sjømannsmisjonsforeninga. Sevrine var seglskutedotter, gift med ein skipper og hadde alle sine søner på sjøen. 3 av sønene kom aldri heim. Severine og kvinnene gjekk til kvarandre, og deira gode gjensvar gjorde slik at sjømenn ute hadde nokon å gå til. ( Sjømannskyrkja vart grunnlagt av Johan Storjohan i 1864 med den fyrste sjømannskyrkjeforeininga på Sunnmøre same året, eller før)

Frå kvinnene ved grava har kallet rulla fram til oss her i dag, kallet om å bære Kristus til tida og verda. Her «Saman på ferda» skal vi halde fram med å opne hendene i ei verd med knytta nevar. Halde ryktet om Jesus levande, han som er kveitekornet som opnar det gudbærande livet i kvardagens enkle handlingar. Gjere vårt arbeid, møte kvarandre godt, invitere til fellesskap, dekke bord, synge songar, stryke kinn, kysse tårer, ha plass til ein framand.

Elske Gud og nesten.

Her og over hav skal vi leve våre gudbærande liv i Guds nåde si forvandlande kraft. Den som forvandlar alt det svake til styrke.Guds nåde let oss hugse at:

Eg va viktigar enn eg visste. Eg var båten i vind 
Eg va modigar enn eg måtte. Eg va dag og måneskinn 
Eg va meir enn eg frykta. Eg hadde frelsaren min 
Eg va nærmar enn eg ana. Eg va det neste trinn»

(Bjella si tekst lett omskriven)

 

Då skal Ulstein Ten sing avslutte preika med songen «Hjerteslag».

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"