Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Engasjert som frivillig i ei ny tid

At mange engasjerer seg gjennom frivillige oppgåver i kyrkjelyden utgjer den positive dynamikken vi finn i kyrkjelyden vår. Ulstein sokn går nye vegar for å rekruttere og administrere dei mange frivillige. Dette gjer at både vi som administrasjon og du som frivillig vil spare tid og få ei enkel og oversiktelig løysing. Vi samarbeider med Ulstein-selskapet som lanserte AIDO- appen for å knyte saman ledige ressursar og oppgåver på ein oversiktlig og enkel måte. Slik fungerer det:

Under denne artikkelen finn vil du finne ein pdf som viser og forklarer korleis AIDO- appen vil fungere på mobiltelefon. Vi vil prøve å beskrive prinsippet i nokre korte trekk.

AIDO er ei teneste som knyter saman ledige ressurs (arbeidarar) og oppgåver som treng å bli løyst (jobber). AIDO- tenesta er tenkt både for frivillig arbeid og lønna arbeid. Ulstein sokn kjem å bruke AIDO i hovudsak for å frivillig arbeid.

Ideen er simpel: Treng Ulstein sokn frivillige til å ta oppgåver på t.d. eit trusopplæringsarrangement, sender soknet ut ein førespurnad til registrerte frivillige (arbeidarar) som får denne meldinga via appen. Dei kan ta oppdraget (jobben) avvise det i appen. For at ikkje alle frivillige får alle førespurnader blir frivillige registrert på ulike oppdrag (jobber) / interesseområde dei kan vere aktuelle for. Det er ingen andre av dei frivillige som ser svaret som er gitt av den enkelte.

For å kunne bruke AIDO målretta er det viktig at så mange som mogleg av dei frivillige registrerer seg i appen som arbeidarar. Arbeidarane vil bli registrert på lister med ulike oppgåver dei kan vere aktuelle for. Dette kaller appen for Ressurspool. Ulstein sokn administrerer denne ressurspoolen. For å sikre at ingen blir lagt til mot sin vilje må alle som registrerer seg akseptere å bli lagt inn i denne ressurspoolen. For å få registrert så mange som mogleg har vi utarbeidt eit registreringsskjema som du kan fylle ut under her.

Ønskjer du å bidra til kyrkjelyden sitt arbeid ber vi deg om å gjere 2 ting:
1. Last ned appen AIDO og registrer deg som brukar der.
2. Fyll ut skjema under her for å registrere deg som frivillig i Ulstein sokn.

REGISTRERING PÅ MOGLEGE FRIVILLIGE OPPGÅVER

Ved hjelp av dette skjemaet registrerer du deg som frivillig i Ulstein sokn. Du binder deg til ingen konkret oppgåve, men du krysser av for kva kategori av oppgåver der du kan tenkje deg å bli spurt som frivillig.
Du må i tillegg laste ned AIDO- appen på mobiltelefonen. Det er gjennom AIDO- appen du vil få førespurnad om ei konkret oppgåve i samsvar med kategorien du har registrert deg for. Kryss gjerne av for fleire kategorier. Avkryssing lengre ned i skjema

MAT OG SERVERING
Grilling, sette fram lunsj , lage vaffelrøre eller vere vertskap for kyrkjekaffi. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

PRAKTISK HJELP PÅ ARRANGEMENT
Registrering av deltakarar på eit arrangement, nattevakt, stå på stand, rigge dugnad eller andre praktiske oppgåver. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

MUSIKALSK BIDRAG
Bidra med solosong, duett, korgruppe eller instrument på gudsteneste, være forsongar eller synge i klassisk kor. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

BILDE, FILM, DESIGN
Grafisk formgjeving av brosjyrer, plakatar, fotografering, filming, redigering av film, skrive omtaler og små reportasjer. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

HJELP I GUDSTENESTE
kyrkjevert, tolking til engelsk, medhjelpar, styring av lyd - det er mange oppgåver i gudsteneste og vi ønskjer at mange involverer seg. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

HJELP I BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE
Vi treng både hjelparar som tek imot borna, som hjelper med praktiske ting, men også nokon som kan vere assistentar på frivillig basis. her er det fint om det er mulig med litt kontinuitet

HALDE ANDAKT ELLER SØNDAGSSKULEANDAKT
andakt kan vere i ulike samanheng for ulike aldersklasser, men også søndagsskuleandakt på galleriloftet kan det vere behov for

AKTIVITETAR FOR BARN, FAMILIE OG SØNDAGSTUR
Det er mykje lettare å fpå samle seg dersom nokon kan på eit enkjelt vis leie an ein aktivitet, organisere ein liten tur etter gudsteneste eller ha eit aktivitetstilbod for born t.d. under Endeleg torsdag. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

SPELE TIL ELLER LEIE ALLSONG
Vi er ein kyrkjelyd som er glad i song. Mange kan spele piano, gitar eller eit anan instrument som støtter opp under allsongen. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve

VEDLIKEHALD KYRKJE ELLERE KYRKJEGÅRDEN
Nokre gonger treng vi ein liten ekstra dugnad for å få tatt vårpuss eller storreingjering på kyrkjegården eller i kyrkja. Du får førespurnad på ei konkret oppgåve
Eg kan tenkje meg å bli spurt om å bidra i følgjande kategori
hugs å laste ned AIDO- appen og registrer deg som brukar der.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997