Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Arbeid med Ulstein nye kyrkje

Innsamlingsarbeidet har gitt gode resultat. Ulstein sokn har søkt Ulstein kommune om ein lånegaranti for bygging av Ulstein nye kyrkje. Kommunestyret har utsatt vedtaket, men ber soknet å jobbe vidare med prosjektet og med finansieringsplan.

Ulstein sokn har kome veldig langt i innsamlings-arbeidet. Det har kome inn kr. 2,4 mill. så langt og kyrkjebyggaravtalane som er teikna per i dag genererer kr. 4,5 mill dei neste sju til åtte åra. Engasjementet er stort og kreativt, og dette blir lagt merke til også langt utanfor soknegrensa.

Det er laga ein finansieringsplan som går ut frå ei nedbetalingstid på 50 år der soknet betener lånet sjølv dei første sju åra før kommunen tek over.

På grunnlag av denne har Ulstein sokneråd søkt Ulstein kommune om ein lånegaranti for å kunne ta opp lån for bygging av Ulstein nye kyrkje.
Torsdag kveld, 14.12. vedtok kommunestyret å vurdere saka på nytt i neste økonomiplan.

I si utgreiing på saka understreker rådmannen at behovet for ei ny kyrkje er reelt. Som del av vedtaket ber rådmannen Ulstein sokn å arbeide vidare med prosjektet for å avklare fleire detalj rundt og kvalitetssikre finansieringsplanen.

I vedtaka på kommunestyremøtet er det gitt tre viktige signal:

1. Ulstein sokn er bedt om å jobbe vidare med prosjektet.

2. Kommunen er positiv til ein modell der soknet betener lånet sjølv i sju år.

3. Investeringsmidlane på kr. 10,8 mill. for 2018 og 2019 er framleis del av Ulstein kommune sin økonomiplan.

Dette gjer oss optimistiske til å gå vidare med planane.

Kyrkjelydsarbeidet i Ulstein sokn er stort og engasjementet i landstoppen. Dette er vi svært glade for. Arbeid med barn og ungdom engasjerer oss i særleg grad og det er for dette arbeidet det er eit stort behov for tenlege og framtidsretta lokale.

For å kome i mål med dette treng vi fleire gåver og kyrkjebyggaravtaler. Dette vil vere eit viktig fokus for Ulstein sokn i 2018.

 

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997