Torsdagskveld på Fredheim 5/10 kl. 20.00

"Slavar av pulsklokka - Nåden i eit nådelaust samfunn" v/Jan Inge Sørbø og Tor-Johan Ekeland. Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag og forfattar. Ekeland er professor i sosialpsykologi og forfattar. Musikalsk innslag v/ Frid og Glede. Arrangementet er gratis, men ta gjerne med mat/frukt på fat til felles matykt.

Jan Inge Sørbø og Tor-Johan Ekeland

Vi har fått ein ny folkesjukdom: Vi kjenner oss ikkje gode nok. Og vi skaffar oss stadig nytt utstyr til å overvaka oss sjølv, med pulsklokker, BMI-målingar og alle slags testar. Slik munkane i si tid piska seg sjølv og nekta seg mat, regulerer vi kosthald, trening og arbeid. Vi er heller ikkje vakre nok, difor brukar vi fleire kirurgiske tenester for å forbetra oss.
Kva kjem dette ...av?

«Slavar av pulsklokka - Nåden i eit nådelaust samfunn» er tema på Torsdagskveld på Fredheim 05. oktober. Her vil Tor-Johan Ekeland freista å forstå dette moderne fenomenet, at så mange gjerne vil retta på og forbetra seg sjølv. Ekeland, som vaks opp som på Sæbø, er professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, og er oppteken av korleis trendar i samtidskulturen verkar inn på liv og helse. Han drøftar dette i ein samtale med kollega Jan Inge Sørbø.

Det å forbetre kropp, sjel og prestasjonar, er blitt ein stor industri. Folk brukar store summar på å endre kroppen, og det kjem nesten dagleg nye teknologiar for å måle tilstanden. Også i skule og barnehage ser vi at måleteknikkane får større og større plass. Lærarar og helsepersonell skal hjelpe til i strevet med å bli betre.
Vi har valt å sjå denne problematikken opp mot reformasjons-jubileet. Eit tema der er «nåden», det at ein kan få noko gratis og vederlagsfritt. Luther, som gjorde dette til ei hovudsak, brukte mange år til å gjennomføra harde kurar i klosteret, med faste, nattevaking og askese. I dag er det ikkje klosteret, men treningsstudio som er arenaen for harde øvingar. Men kvifor blir vi aldri gode nok?
I Luthers tid og tilfelle var det otten for ein streng Gud som motiverte til sjølvstraffing og disiplin. I dag spelar denne tanken ei mindre rolle. Religionen er mindre sentral, og forkynninga er mildare. Men når dette strenge blikket blir borte, har vi funne ei erstatning: Vårt eige strenge blikk. Og for mange blir dette så strengt at dei får alvorlege problem.
Kva kjem dette av, og korleis kan vi møte dette?
Musikalsk innslag ved Frid og Glede.

Alle er hjarteleg velkomne!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"