Under denne artikkelen finn vil du finne ein pdf som viser og forklarer korleis AIDO- appen vil fungere på mobiltelefon. Vi vil prøve å beskrive prinsippet i nokre korte trekk.
AIDO er ei teneste som knyter saman ledige ressurs (arbeidarar) og oppgåver som treng å bli løyst (jobber). AIDO- tenesta er tenkt både for frivillig arbeid og lønna arbeid. Ulstein sokn kjem å bruke AIDO i hovudsak for å frivillig arbeid.
Ideen er simpel: Treng Ulstein sokn frivillige til å ta oppgåver på t.d. eit trusopplæringsarrangement, sender soknet ut ein førespurnad til registrerte frivillige (arbeidarar) som får denne meldinga via appen. Dei kan ta oppdraget (jobben) avvise det i appen. For at ikkje alle frivillige får alle førespurnader blir frivillige registrert på ulike oppdrag (jobber) / interesseområde dei kan vere aktuelle for. Det er ingen andre av dei frivillige som ser svaret som er gitt av den enkelte.
For å kunne bruke AIDO målretta er det viktig at så mange som mogleg av dei frivillige registrerer seg i appen som arbeidarar. Arbeidarane vil bli registrert på lister med ulike oppgåver dei kan vere aktuelle for. Dette kaller appen for Ressurspool. Ulstein sokn administrerer denne ressurspoolen. For å sikre at ingen blir lagt til mot sin vilje må alle som registrerer seg akseptere å bli lagt inn i denne ressurspoolen. For å få registrert så mange som mogleg har vi utarbeidt eit registreringsskjema som du kan fylle ut under her.
Ønskjer du å bidra til kyrkjelyden sitt arbeid ber vi deg om å gjere 2 ting:
1. Last ned appen AIDO og registrer deg som brukar der.
2. Fyll ut skjema under her for å registrere deg som frivillig i Ulstein sokn.