Kyrkjeromet vil vere opent:
Laurdag 2. november: 12.00 – 20.00 og Søndag 3. november: 10.00 – 16.00
Det vil og vere ulike arrangement i kyrkja i helga:
Laurdag 2. november kl. 16.30 blir det ei særskilt minnesamling der alle som har mista nokon av sine sidan førre Helgemesse er særleg inviterte, men stunda er open for alle som ber på ei sorg eller eit sakn, og alle andre som ynskjer å vere med. Vi kjem saman til vakker musikk, nærvær, lystenning og ord til trøyst og håp på vegen vidare. Vi vil lese opp namna til alle som døydde i Ulstein det siste året. Iver-Olaf Grimstad syng, Ståle Helvig spelar orgel, Jørgen Skogestad Kleiven har andakt og Ranveig Kaldhol og diakoniutvalet tek del.
Søndag 3. november er det helgemesse kl. 11.00. Det vil også då verte lagt opp til å minnast i kjærleik i lys av håpet i den kristne trua. Kapellan Jørgen Skogestad Kleiven er liturg, Birgitte Vik Wymer syng, Nadia Demirova spelar fiolin og Ståle Helvig spelar orgel.
Søndag kveld er det konsert med Jazz&Koral, kl. 19.00. Billett: kr. 200,- (sal i døra).