Årsmeldinga kan du laste ned her.
Årsmelding Ulstein sokn 2017
Ulstein sokn ser tilbake til eit aktivt og innhaldsrikt år. Kyrkja står sterkt i Ulstein og er framleis ei av dei best besøkte i landet. Reformasjonen blei feira i Ulstein med teaterframsyning, festgudsteneste og foredragsrekke. Eit aktivt kulturliv og barne- og ungdomsarbeid gjev eit mangfaldig kyrkjelydsliv. Her er det mange som vil bygge ei kyrkje for framtida. Årsmøte finn stad 06. mai 2018 på Fredheim i etterkant av gudstenesta.