Bispevisitas i Ulstein

22. januar til 3. februar kjem biskop Ingeborg Midttømme på visitas til Ulstein. Biskopen skal få presentert soknet sitt mangfaldige arbeid, og korleis kyrkja forvaltar samfunnsansvaret i samspel med lokalsamfunnet. Visitas er noko som skjer ca. kvart 8. år, og vi håper at mange finn vegen til dei ulike arrangement under visitasen.

Engasjert biskop:  På visitasen i Ulstein vil biskop Ingeborg Midttømme møte kyrkjelyden og ho vil kome i kontakt med eit tverrsnitt av befolkninga. Bilete: Møre bispedøme

Temaet krinsar kring å bygge kyrkje gjennom fellesskap og bygg, og fokus på våre felles utfordringar knytt til miljø og klimaspørsmål slik at vi tek vare på skaparverket. Difor er programmet lagt opp til å vise mest mogleg av aktivitetane og møte flest mogleg av dei som engasjerer seg for kyrkja sitt arbeid. Visitasen er også tilsyn med arbeidet og biskopen vil gje vurderingar og råd til arbeidet framover.

Besøket vert fordelt over to veker grunna hennar reise til New York for å tale i FN-forente nasjonar. Biskopen er oppteken av Klimaspørsmål og rettferd – og er invitert til å dele sine refleksjonar der. Det er jo flott at ho kjem rett frå FN og rett hit til skulegudsteneste med fokus på miljø, rettferd og klimaspørsmål. Prosten i Søre Sunnmøre prosti; Ingeborg Matre og rådgjevar for undervisning i Møre bispedøme, Bente Wangensteen er tilstade under heile visitasen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"