For at gudstenesta skal vere inkluderande for dei som ikkje høyrer, vert vi sittande store delar av liturgien. Søndagskulen startar opp att – ei kjekk og viktig samling for born for å erfare fellesskap og lære om Jesus. Vi ser at besteforeldre gjerne tek med borna på søndagsskulen – det er så fint! Vi startar i kyrkja slik at born får sjå dåpen og minnast om at dei også er døypt inn i fellesskapen – og etter at skattekista er opna, går turen til Fredheim for søndagskule.
Gudsteneste med døvetolking
Komande søndag vil sjukehusprest og døveprest Odd Erling Vik Nordbrønd også delta saman med soknepresten. Gudstenesta i sin heilskap vert døvetolka og det er Nordbrønd som held preika.